Fest, Gjærbakst, Kaker, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Fastelavnkake

Fastelavnskake på bordet med kaffe i koppar og serviettar på brodert duk.

Fastelavn er ei av dei høgtidene som eg huskar på berre på grunn av all den gode maten.

Vi har feitetysdag, då skal det ifølge tradisjonen vere rømmegraut til middag. Blåmandag vart også kalla fleskemandag, då var det vel flesk og duppe som gjaldt, vil eg tru. Men fastelavnsbollane toppar det heile, og eg har til og med våga meg over i dei svenske mattradisjonane, og lagar dei som semlor.

Ein klassisk norsk fastelavnsbolle er ein vanleg kveitebolle delt i to, med kremfyll. Det er vel og bra, men svenskane har løfta bollane eit hakk: Dei tek ut litt av fyllet, piskar kremfløyte, vender bollekrumme i smular og riven marsipan inn i kremen, og fyller bollane med det. Då heiter det semla, og dei finn du frå januar til april i Sverige, så glade er dei i denne bollekonstruksjonen.

Men før ein byrjar å tenke på fyllet, må ein ha ein god gjærdeig å jobbe med. Sjølv om eg har bakt i mange år, så syns eg spesielt søt gjærdeig er utfordrande å få til. For det første er det vanskeleg å finne den rette balansen mellom væske og mjøl. Kvaliteten på mjølet kan variere, så noko mjøl tek imot mykje væske, og noko tek imot lite. Det enklaste å sjå etter er proteininnhaldet, du vil ha så høgt proteininnhald som mogeleg for å få ein luftig og lett bakst.

Bolleemne delt opp, eit emne er på plass i forma. Forma har bakepapir i botnen.

Del deigen i passe store emne, eg trur mine var rundt 70 g pr stk.

Eg har prøvd meg fram i årevis, og denne oppskrifta her fungerer stort sett bra. Kunsten er å vere tolmodig. Det står at deigen skal heve til dobbelt storleik på 30 minutt, det har aldri nokonsinne skjedd. Ein feit gjærdeig treng meir enn 30 minutt, så det er berre å slå seg til ro med.

Har du god tid, så slå ned deigen eit par gongar, eller køyr den nokre ekstra runder i maskinen, og la den stå litt til. Ein ekstra heverunde har aldri skada ein gjærdeig, tvert imot. Denne deigen kan brukast til alle typar søt gjærbakst, kringler, snurrar eller vanlege rosinbollar. Gi meg ein rosinbolle med smør og skiver av banan på, eg vert lukkeleg på flekken.

Kakeform med kveitebollar i, bolleemne til vanlege bollar ved sidan av på same bakebrett.

Dei emna som ikkje går i forma kan du bake som vanlege bollar ved sidan av.

Lagar du bollekake, så ikkje sett bollane fullt så tett som eg gjorde. Dei hevar seg mykje, også etter at dei har kome i omnen. Del kaka i to, og fyll den akkurat som du har lyst til.

Eg laga fastelavnsbollar med krem iblanda syltetøy, det vart veldig godt. Du kan også bruke banantrikset, fyll med krem, og legg skiver med banan oppå før du legg på loket. Husk at etter dette er det faste heilt til påskeaftan, bortsett frå den rømmegrauten på tirsdag, då.

Fastelavnskake på bordet med kaffe i koppar og serviettar på brodert duk.

Server fastelavnskaka med kaffe eller te, og litt ekstra krem på sida.

Fastelavnsbollekake

Ca. 12 dl kveitemjøl

100 g smør, romtemperert

100 g sukker

1/2 pk gjær

5 dl mjølk

2 egg, eit til deigen og eit til pensling

1 ts salt

1-2 ts kardemommekjerner eller 1 ts kardemommefrø

Krem og ekte vaniljesukker til servering

Knus kardemommekjernene i ein mortar, og fjern skalet slik at berre dei svarte frøa er igjen. Knus frøa godt ein runde til slik at du for det meste har pulver att. Finn du rensa frø i butikken, så knus dei i mortar. Ha mjølka og egget saman med kardemomme, sukker, salt og smuldra gjær i bakebollen.

Ha mesteparten av mjølet i bollen, og køyr deigen jamn. Blir den veldig laus, så ha i litt mjøl til. Når deigen har blitt jamn og fin har du i smøret skei for skei, og eltar til smøret er heilt inkorporert. Eg brukar kjøkkenmaskin, og let gjerne deigen gå eit kvarter etter at smøret har kome i. La deigen heve under klede i ein times tid.

Gjer klar ei rund springform ved å spenne eit bakepapir over botnen, og dekke kantane med strimlar av bakepapir. Bruk gjerne litt smør eller olje for at strimlane skal feste seg.

Set omnen på 200 grader. Elt deigen saman igjen, og del han opp i emne, eg fekk ca. 24 av min deig. Vil du vere nøyaktig, så er eit bolleemne ca. 70-80 gram, du kan bruke vekt for å vege emna. Form bollane runde og fine, og sett ca. 10-12 av dei i forma. Sett resten av bollane på eit bakebrett. Pensle bollekaka og bollane med samanpiska egg, og la det heile heve ein liten time til.

Steik bollekaka på 200 grader i 25 minutt. Sjekk etter 20 minutt, viss den vert for brun, så dekk den med litt folie.

La bollekaka kolne. Pisk 3 dl kremfløyte til krem med 2 ts ekte vaniljesukker og 2 ts melis. Viss du vil lage semla, så riv i 50 g marsipan og pisk det inn i kremen. Del bollekaka i to, legg krem på den nederste delen og legg toppen på.

Bollekake på bordet på brodert duk, kaffe i koppar ved sidan av, framfor ein grønn sofa. Grøne og kvite tulipanar i vasen, rosa tulipanar ligg på bordet.

God fastelavnssøndag!

Leave a Reply