Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Rispudding

Desserten i dag er inspirert på den måten eg ofte blir inspirert, eg får spørsmålet om eg har oppskrift på noko eg ikkje har oppskrift på. Her om dagen spurte ei venninne om eg hadde ei god oppskrift på rispudding. Det hadde eg ikkje, så då måtte eg lage ei.

Rispudding er ein søt og god dessert, og billig er den og. Halve moroa med denne oppskrifta er sausen. Her er vi så langt frå Piano raud saus som det er råd å kome utan å byte farge. Eg lagar saus av blodappelsin, som du finn i butikkane no. Den er ein smakseksplosjon, sjølv dei mest matleie lettar på augnebryna av denne kombinasjonen. Og så er den så enkel å lage at det er nesten flautt. Denne sausen kan du bruke til alle ”fløteting”. Den er perfekt til vaniljeis, til mandelpudding og til riskrem.

Rispudding

100 g korintar

150 g grautris

Ein bit limeskal

4 dl vatn

½ ts salt

5 dl heilmjølk

200 g sukker

Ei kanelstang

4 eggeplommer

2 ss smør

Legg korintane i bløyt i kokande vatn. Du kan også bruke rosiner, men eg likar den krydra smaken, og at dei er så små. Kok opp vatnet med limeskal, ris og salt i ei tjukkbotna gryte. Eg tek ein lime, vaskar den godt og skjer av ei snei med skal eller to. Prøv å ikkje få med så mykje fruktkjøt. La dette koke i 20 minutt, følg med så det ikkje kokar tørt.

Slå på sukkeret, legg i kanelstanga og ha i mjølka litt og litt, omtrent som når du lagar risotto. La dette koke til all mjølka er absorbert. Massen skal ha konsistens som risgraut, omtrent.

Ta gryta av plata. Skill egga, og rør dei inn saman med smøret. No kan du velge; du kan sette gryta tilbake på plata og la den koke opp igjen og boble eitt par minutt medan du rører heile tida. Gjer du det, kan du helle massen rett i former og la den stivne i kjøleskapet. Vil du snu formene må du smøre dei.

Du kan også la vere å sette massen tilbake på plata, men sette på steikeomnen på 200 grader. Fyll massen i former, og bak puddingane i ein halvtime på 200 grader til dei er faste og fine og lys brune på toppen og rundt kanten. I begge tilfelle er det eggeplommene som gjer puddingen fast. Vend puddingen på ein tallerken, og server med blodappelsinsaus.

Blodappelsinsaus

Saft av to blodappelsinar

2 ss sukker

1 ts maisenna

1 ss vatn

Press safta av appelsinane, og ha den i ei gryte. Ha i sukkeret, og la det koke opp. Skum av det oransje laget som dannar seg under kokinga. Når du er ferdig med å skumme av kan du blande maisenna og vatn, og blande det i medan du rører godt. Ta gryta av plata etter eit raskt oppkok. La sausen kolne.

Vend puddingane på asjettar, og server med blodappelsinsaus.

Update:

Litt om å lage denne desserten til mange: Dette er ein billig og fin dessert som du kan bruke til store festar der mange skal få dessert. Du kan til dømes servere dei i IKEA-telysestakane (sjå suppeoppskrifta nedanfor) med plass til saus på toppen, eller i andre typar glas. Å vende 70 puddingar vil eg på det sterkaste fråråde. 😉

Du kan også helle den oppkokte puddingmassen ut over eit bakepapir i ei form, og skjere den i passande former når den har stivna. Så hellar du saus på tallerkenen, og anrettar puddingbitar oppi sausen, til dømes med eitt par blodappelsinfiletar.

Skal du lage blodappelsinsaus til mange kan du spare tid ved å byrje med kjøpt blodappelsinjuice. Eg trur mellom anna Florida tilbyr det. Berekn 0,75 dl saus per person på tallerken, og 0,5 dl saus viss du slår sausen oppå puddingen i eit glas.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply