Ferie, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comments 12

Nepalmat


Eit husbyte brakte oss til Nepal for tre år sidan. For eit fantastisk land! Venlege folk, vakker, gamal arkitektur, eit yrande dyreliv og behageleg temperatur gjorde at vi følte oss heldige som fekk oppleve dette. Vener og familie er allereie plaga med lysbildeframvising, eksotisk krydder, historier om levande gudinner og ville aper. No er det dokke matglede-lesarane som står for tur. I dag skal du få lære litt om nepalesisk matkultur.

Nepal er eit fjelland, og for oss nordmenn er det lett å føle seg heime der. Det er eit gjestfritt folk, og kjem du rundt på landsbygda kan du vere sikker på å bli boden ein porsjon med Dal Bath. Dal betyr linser, viss du ser på linseposane i dei norske innvandrarbutikkane står det ofte dal på pakken. Linsene kokar dei til ei tjukk suppe, som dei krydrar på tradisjonelt vis. Dei gule linsene er vanlegast, men du kan og brune brune eller grøne linser viss du har det i skapet.

rismarkerBath er ris, og den vanlegaste ristypen i Nepal er den aromatiske basmati-risen. Kvar familie dyrkar sin ris i sin eigen risåker. Rismarkene er delt opp og vert eigd av folk som gjerne bur eit stykke unna, men som har ein lapp med jord som dei kan dyrke risen sin på. To haustingar per år får dei til, og i dei varmaste områda får dei og ein runde med poteter i løpet av eit år. Der er det forhold for å drive! Det seiest at ein porsjon ris til ein nepalesar er nok ris til tre innvandrarar, og det er nok til 7-8 turistar. Nepalesarane syntest altså at vi åt nokre pingleporsjonar med ris.

Dal Bath vert servert med Tarkari og Aichar. Tarkari er dei grønsakene dei har den dagen. Det kan vere bønner, poteter (dei et ganske mykje poteter, faktisk!), blomkål eller tomatar. Ikkje gulrøtter, underleg nok, dei brukar dei berre rå i salatar og som pynt. Grønsakene vert delt opp, og steikte i ei blanding av karri, ingefær, kvitløk og gurkemeie.

Aichar er ”pickles”, noko søtt, sterkt og/eller syrleg som ein brukar som ein liten ”piff” på smaken. Eg har ikkje med oppskrift på aichar her, for dei er ganske kompliserte, og tek lang tid å lage. Stikk heller innom den asiatiske hylla i nærbutikken din, og sjå om du finn ein indisk chutney eller ”pickles” som du har til dal bathen.

Som du forstår er dal bath eigentleg ein vegetarrett. Norske pengar rakk langt i Nepal, så vi fekk og kylling til dal bathen. Det var tydeleg luksus, nepalesarar flest et dal bathen sin utan kjøt til.

Den andre nasjonalretten i Nepal er momo, ein slags dumplings som vert laga av ein mjøldeig som vert klappa til ein flat leiv, som dei pakkar inn krydra kjøtdeig i. Momo vert dampa som kinesiske dumplings, i dampekjelar av bambus eller aluminium. I

dei største kjelane kan det vere plass til opptil fire brett med momoar. Kjøtet vert krydra med ingefær, chili og kvitløk, så det vert ganske ”hot”. Momoane vert gjerne servert med ein aromatisk tomatsaus, og sjølvsagt ris til.

Som du forstår, er det inga sak å skaffe ingrediensane til nepalesisk mat, dei har dei på samvirkelaget kvar som helst i bygdenorge. Så det er ingen grunn til ikkje å prøve seg på å lage ein smakebit frå Nepal. Slik lagar du Dal Bath til fire svoltne (norske) personar:

3 dl linser

7-8 dl vatn

1 ss smør

1 finhakka løk

1 ts riven, fersk ingefær

2 fedd kvitløk

Salt og peppar

Skyll linsene, sjekk at det ikkje er steinar blant dei (det hender ein sjeldan gong, og skaper berre inntekter for tannlegane). La linsene koke til dei er møre, ca- 20-30 minutt. Koketida kan variere frå linsetype til linsetype. Fres løk, kvitløk og krydder og smøret. Bland det inn i linsesuppa når den er ferdig.

Tarkari

600 g av det du måtte ha av faste grønsaker

3 ss matolje

1 ts riven ingefær

2 ts curry

2 fedd kvitløk

1 ts gurkemeie

2 dl vatn

Salt og peppar

Skrell grønsakene, og skjer dei i passe bitar.  Varm opp oljen i ei låg, vid gryte, og ha i kvitløken og alt krydderet. Surr det heile på middels varme for å få ut all aromaen frå krydderet. Ha i grønsakene, og vend dei godt inn i krydderblandinga. La det frese utan å bli brent.

Etter nokre minutt slår du over vatn, og lar det står å surre til grønsakene er møre. Pass på at det ikkje kokar tørt, men det skal ikkje vere i ein saus heller. Vil du servere kylling til dal bathen, så steik den på same måte som du steikte grønsakene til tarkari.

kausiliyaMomo er handarbeid, og kokka vår, Kausiliya, var ein fyndel med momopakkane. Dei skal vere pent folda i hop, for det er svært viktig at momoen ikkje opnar seg under dampinga, det ville vere stor skam.

For å lage momo treng du ei panne du kan dampe i. Ein (rein!) fiskekjele vil sikkert fungere kjempebra. Slik gjer du det:

4,5 dl mjøl

1 ss matolje

1,5 dl vatn

1/2 ts salt

Elt deigen saman. Bruk kjøkkenmaskin, for den bør eltast 8-10 minutt. Ikkje ha i alt vatnet med ein gong, kor mykje vatn som skal til varierer med mjølkvaliteten, så det siste i litt og litt. La deigen kvile ein halvtimes tid. Kna den på nytt, og del den i emne omtrent halvparten så store som eit rosinbolleemne.

Fyll:

momo1½ kg kjøtdeig, gjerne halvparten lammekjøtdeig

1 liten, hakka løk

1 ss finhakka kvitløk

1 ss finhakka ingefær

ei klype muskat

ei klype gurkemeie

ei klype tørka, malt chilipeppar

1 ts malt spisskummen

1 raud, fersk chilipeppar

2 ts salt

½ ts malt, svart peppar

Bland alt, kjøtdeigen skal ikkje speast noko til denne retten. Får du tak i fersk koriander, er det og godt i momoane.

Kjevle ut emna til runde leivar. Legg ein passeleg klatt med deig på kvar leiv, og brett dei saman som ein rund liten pakke. Smør rista du skal dampe på godt med olje. Elles kan momoen sette seg fast i rista. Fyll vatn i kjelen slik at det ikkje når opp til rista. Etterfyll eventuelt viss det vert tørt. La momoane dampe i 10-15 minutt til dei er gjennomkokte.

Server med ein tomatsaus av enklaste sort. Kok to boksar hakka, hermetiske tomatar til det er ein tjukk saus. Smak til med salt, peppar og sukker. Krydderet er i momoane, ikkje i sausen i dette tilfellet. Momo kan og serverast med ein aichar av eit eller anna slag. Momo er typisk lunchmat i Nepal, og er og eit godt døme på korleis det tibetanske kjøkkenet har påverka den nepalesiske matkulturen.

12 Comments

  1. Jeg er åpenbart noe treg. Først etter å ha lest dette innlegget har jeg skjønt hvem du er, på Hagegal. Hei!

    Likar

  2. Knis! Liker spesielt vinklingen “Det gode liv”. Det er mye trist og kjett der ute. Blir glad når jeg popper innom. 😆

    Likar

  3. Tilbakeping: Krydra plommechutney « Alt godt

  4. Live says

    Jeg søkte på nepalsk mat og er veldig glad for at denne nasjonalretten dukket opp. Var i Nepal etter påske og fikk den servert flere ganger. Har lyst til å lage den her hjemme også.

    Likar

  5. Maria says

    “Smør rista du skal dampe på godt med olje. Elles kan momoen sette seg fast i rista. Fyll vatn i kjelen slik at det ikkje når opp til rista. Etterfyll eventuelt viss det vert tørt. La momoane dampe i 10-15 minutt til dei er gjennomkokte.”

    Hei!

    Skal lage momo i morgen, men skjønner ikke helt hvordan jeg skal gjøre det med kjele og rist. Kan du beskrive det litt nærmere?

    Skal risten legges på toppen av kjelen, eller skal det være en damprist i bunnen av kjelen?

    På forhånd tusen takk 🙂

    Likar

  6. Ole Kjell Orset says

    Hei!
    Familien min og jeg har bodd i Nepal i seks år, og i tre av disse årene var Kaushalya, som du har bilde av, hushjelpa vår. Hun lagde ofte både Dal Bath og momo til oss.
    Veldig kjekt å lese det du skriver om Nepal, og interessant å lese den oppskrifta du har på Dal Bath.

    Likt av 1 person

    • Fantastisk! Så utruleg artig. Har de framleis kontakt med henne? Eg driv faktisk og testar ut ei oppskrift på Dal Bath no, som eg snart skal publisere.

      Likar

  7. Ole Kjell says

    Hei igjen!
    Ja, vi har besøkt Kaushalya og familien når vi har vært tilbake i Kathmandu. Sender en enkel oppskrift på aichar senere. Synes aichar bør være med! Da blir Dal Bathen enda bedre.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s