Billig mat, Mat, Noko søtt, Tilbehør, Veggis
Comments 6

Nyskapande sylting


No renn det over her.

IMG_0258Eg trudde eg var ferdig med plommer, men jammen kom ikkje foreldra mine innom med ein prix-pose full av flotte, blå plommer. Kva skal ein stakkar gjere? Vi har ete plommekaker, paiar og bakte plommer med is til dessert, og så må vi på’an igjen.

Syltetøy har eg ikkje lagd enno, og ein idé slo ned i meg; kan ein blande eple og plommer i syltetøy? Eg syns eplemos er ganske kjedeleg, sjølv om det av og til kan vere godt i tilslørte bondepiker, med krem, strøssel og litt kanel. Men saman med plommer kan det kanskje bli ein spennande, nyskapande kombinasjon?

Eg krydra syltetøyet litt, med stjerneanis og kanel, for å gje det litt rikare smak. Det smakar ikkje direkte krydder, det har berre ein meir kompleks, spennande aroma.

IMG_0265Å rense eple er noko med det kjedelegaste eg veit, så det er grunnen til at det vart berre ein kilo eple i oppskrifta. Berre å få ut alle kjernehushinnene er ei plage. Eg brukar eit melonkulejern, då kan eg enkelt fjerne kjernehuset med eit grep.

Er det framleis hinner igjen etter at eg har brukt kulejernet, fjernar eg det når eg deler opp epla.

IMG_0260Plommene rensa eg ved å dele dei i to med ein liten, skarp kniv på langs, altså frå stilkfestet og rundt langsmed «saumen» som er der. Då går det lett å vri den eine halvdelen mot den andre. Så fjernar eg steinen med kniven.

Slik gjorde eg det:

Plomme- og eplesyltetøy

IMG_02711,5 kg rensa plommer

1 kg rensa eple

1,5 kg syltesukker

2 stjerneanis

4-5 cm kanelbark

1 ts sitronsyre

Ha frukta, krydderet, sitronsyra og sukkeret i ein tjukkbotna kjele. La det koke opp sakte medan du rører i frukta. La det heile putre i 10-15 minutt, til frukta er heilt løyst opp og krydderet har avgitt smak. Fisk opp kryddera.

IMG_0266Skum av skummet som dannar seg på toppen litt etter litt. Dette er avfallsstoff som ikkje bør vere med i syltetøyet, det gjer det grumsete.

Kok opp nokre liter vatn i ein stor kjele, og vipp oppi det du har av glas og lokka som passar til. Bruk ei pølseklype eller liknande, og ta glasa opp av gryta medan du let vatnet renne ut av dei. Sett dei først oppned på eit heilt reint handkle, og snu dei når dei har fått ein temperatur som gjer at du kan handtere dei. Ta opp loka, og la dei renne av og.

Bruk ei vid trakt, og fyll det varme syltetøyet i glasa. Desse glasa skal ikkje frysast, så dei må fyllast heilt opp. Skru på loka. Oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg, til dømes i ein kjellar.

Syltetøyet er allereie utprøvd påei brødskive med ein moden brie, det smakte fantastisk!

6 Comments

  1. orchis says

    De gangene jeg har laget eple- eller plommesyltetøy i mitt liv, har jeg alltid krydret det litt. Som du skriver, det gir en spennende og kompleks aroma. Med stort hell har jeg testet ut kanel, stjerneanis, kardemomme, nellik, allehånde, ingefær, muskat (dog ørsmå doser) og sågar litt pepper. Blandingskrydret garam masala funker også fint. Det er moro å leke med krydring, og oppdage nye «smaksvenner».

    Likar

  2. Orchis: Enig! 🙂

    Cristine: Fordi då blir det mindre luft i glaset, og mindre plass til muggsporar som kan øydelegge syltetøyet. Viss du brukar gamle pastasausglas (som eg gjer) eller barnematglas vil du sjå at «knappen» på loket vert sugd inn, og det vert nærast eit vakuum inne i glaset fordi syltetøyet kolnar, og minskar i volum. Fascinerande.

    Når glasa skal frysast er det omvendt, då utvidar væska seg att, og då må glasa ikkje vere fulle, då kan dei sprekke i frysaren.

    Likar

  3. Aha!
    Jeg har også brukt pastasausglass, og mener jeg tok dem nesten helt fulle, men antagelig plass nok til at jeg kan fryse dem… Lurer egentlig på å gjøre det, slik at det helt sikkert holder seg lenge. Jeg har ingen mørk halvkald kjeller, men et kjølerom med litt lys.

    Likar

  4. Åååååå. Så heldig du er! Her koster det 52 kroner for en kurv med norske plommer… Og jeg kunne spist plommer til alle dagens måltider om jeg bare hadde råd 🙂

    Likar

  5. Gunnar Jøingsli says

    Hei
    Plommer er godt 🙂
    Vet du hvor ein kan få tak i vid trakt.
    Har leita på alle butikker siste året, det er helt umulig å finne

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s