Eg har fortalt deg om Oren Lavie tidlegare, denne mannen frå Tel Aviv som byrja som teatermenneske, men som også driv med musikk, og lagde musikkvideoen Her morning elegance.
Oren Lavie si stemme minner meg om ein vakker mann som eg snakkar intenst med, med mørk, hårete stemme, som likar å snakke med meg, som har med seg gitar, og spelar ein sang til berre meg, vi sit på golvet i gangen utanfor pikeværelset i ei stor leiligheit ein stad på Frogner, og festen surrar langt der borte. Det er seint på natta, vi frys litt, og det er ganske mørkt, men han syng berre til meg, eg legg hovudet bakover, er litt svimmel men ynskjer at augneblinken skal vare og vare og vare.