Musikk
Leave a Comment

Thomas Dybdahl: Cecilia

Eg var på eit musikkbransjetreff på Nationalbiblioteket like etter at det opna, og der fekk vi «goodiebags». Vanlegvis inneheld goodiebags jålesaker i den verda eg ferdast i no, men den gongen var det altså musikk.

I min pose låg det litt forskjellig, men mellom anna fekk eg (sikkert ved ein feil) to eksemplar av Thomas Dybdahl si plate Stray dogs. Eg beheldt den eine, og ga den andre til ein eg bryr meg om til jul. Eg veit at der i huset har den blitt spelt mykje sidan då.

Songen Cecilia traff meg midt i hjarta. Videoen fortel ei vakker og vond historie om kva det inneber å elske ei jente som har blitt seksuelt misbrukt. Eg har ikkje opplevd det sjølv, men har jenter som har opplevd det nær meg. I denne vesle filmen såg eg situasjonar, reaksjonar og kjensler som eg kjende att.

No har Thomas Dybdahl kome med ei samleplate, som seg hør og bør når ein passerer tredve. På den finn du noko av musikken frå Rottenetter, mange gamle songar og så finn du Cecilia. Vel verd å få med seg.

cecilia,
you didn`t wanna give your heart away
you tear apart with angel eyes like bluebells
with trembling hearts, you leave your empty shells
cecilia,
you didn`t wanna leave it all behind

here I am
flesh and bones
here I am
flesh and bones

did he touch you?
shameful and disgraced?
did he rob your joy of the embrace?
cecilia,
you didn`t wanna give your heart away
cecilia,
you didn`t wanna leave it all behind

here I am
flesh and bones
here I am
flesh and bones

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply