Månad: august 2009

Urter i glas og krukker


No står urtene i hagen min på sitt vakraste, og ber om å bli plukka inn og brukt i mat og drikke. Eg føler meg rik når eg går ut med korg og saks, og klipper det eg treng for å gje maten vår eit løft. Urter er noko av det enklaste du kan dyrke i hagen din. Koriander og dill bør du så fleire gongar i løpet av sesongen, dei andre urtene klarer seg på eiga hand så lenge dei får væte og litt gjødsel av og til. Har du først sådd koriander, sår den gjerne seg sjølv seinare. Eg satte ei butikkpotte med koriander i bedet mitt for tre år sidan, og etter det har eg frisk koriander i hagen heile sommarsesongen. Dill er litt meir finsleg, og vil dessutan gjerne ha sol for å trivast. Basilikum er så finsleg at den bør få vere inne. Der kosar den seg, så lenge den får god jord og blir vatna kvar dag. Eg brukar å tynne ut dei basilikumplantane eg kjøper med hard hand, …

Ut og plukke!


No er det sopptid igjen, og det er berre å grave fram soppkorga, den vesle kjøkkenkniven og soppfloraen og kome seg ut i skogen. Kantarellar, steinsopp og kremler står og ventar på deg, og om ei lita stund kjem traktkantarellane og. Tre grunnreglar gjeld for all sopplukking: Plukk berre soppar du er sikker på er trygge, og ver berre trygg på soppar som ein erfaren sopplukkar har lært deg. Hald soppar du er sikker på skilde frå soppar du tvilar på i korga, nokre soppar er så giftige at berre at dei kjem i kontakt med soppar du skal ete vert farlege. Vi har allereie hatt dei første forgiftingane denne soppsesongen. Men passar du på, lærar av ein som kan det og brukar flora (eller funga, heiter det kanskje) har du mange deilige sopprettar i vente. Det er mange måtar å bruke sopp på, og du får nokre forslag her hos meg. Soppsoya er ein fin måte å lage noko nyttig av den soppen du er trygg på, men ikkje føler for å putte i …

Sydvendt


No vender vi nasa sørover igjen. Sjølv om det er fint her nord skal det bli ei glede å kome heim til byen, tv og internett, jobblunch (!!) og gode kollegaer.  Det blir trist å seie ha det til masse koselege folk, dyr og hus. Vi er nok tilbake neste år, skal du sjå.  

Eg må le…


Byjenter i korte shorts er populære blant geitene i Myrlia… Hadde det vore ei lydfil her hadde dokke høyrt møøøø frå både gutane og kyrne… Førstesida på VG – overskrift: Spist av troll – To bygutar forsøkt spist av skummelt troll på Senja, klarte å sloss seg fri.

Kan det bli bedre?


Nysteikte vafler servert med meierismør som har stått i benken så det er mjukt og fint, og nyrørt molte oppå, på tante Mali sitt finservise. Eg drikk surmjølk, dei har ikkje te, og eg hadde gløymt å ta med teposar. Det gjer ingenting, det er så koseleg likevel.

Nordpå


Vertskapet her nordpå trur på minimalisme i alle ledd unntatt når det gjeld mat. Alt er dermed ganske spartansk, altså ikkje noko nett, ikkje tv, ein sliten radio stildra oppå sofaryggen og sittegruppe i fire ulike ikkje matchande grønfargar. Så vi er på leit etter eit samarbeidsvillig trådlaust nett, og enda opp på Gründer på Finnsnes. Her får vi smoothie og Earl Grey med sitron i store glas, og er ganske fornøgde, særleg fordi det følgjer internett med på kjøpet. Alt er litt seinare her oppe, og det nyt vi godt av. Saftige, søte jordbær frå Salen gård i Rossfjorden:  Markjordbær frå oppi bakken: Harry Potter-skogen, med bregner høgare enn ein åtteåring (vi har målt): Kan nokon namnet på denne blomen? Vi har ikkje sett den før. Lange stilkar, små runde blad langt nede på stilken. Ignorer flua.

Når du les dette


-er eg nordførr igjen. Sola er borte etter ein knallsommar der oppe, temperaturen er gått ned ca. 10 grader, så då må ungane og eg pluss ein nevø opp og muntre opp slekta. Vi kjem til å gå frå kaffibord til kaffibord, og det er middag klokka ett, akkurat som før. Eg kjem nok til å lure meg inn på ein eller annan nettkafé, men i utgangspunktet er eg offline til torsdag kveld. Eg står han av, ristande av abstinens. Vi snakkast!

Verdas dyraste kvadratmeter


Dette huset er til sals på øya Sylt, som tilhøyrer Tyskland og ligg rett vest for grensa mellom Danmark og Tyskland. Vi var der for tre år sidan, og det er ei veldig vakker og spesiell øy. Det forsto vi då vi fann Chanel-butikkar i ein liten tettstad med berre hytter. For at den skal lønne seg må dei som er i dei hyttene vere kjøpesterke, konkluderte vi med. For å kome ut dit kan du ta ferje, verdens dyraste fly (50 minutt i lufta for NOK 7500,- – ein veg) eller sette bilen din på toget og køyre med biltog ut dit. Veldig fint. No har du altså sjansen, eit hus på Sylt på 30 kvm med prisantydning ca. 50 millionar, alt etter kva eurokursen står i. skal tru kva eigedomsskatten er på Sylt. Den kjem i tillegg. Årleg. http://www.matthias-haase-immobilien.de/

Deilig frukost


Denne: Ein smoothie med banan, nektarin og plommer, blanda med melonyoghurt. Saman med ei rista brødskive med philadelphiaost og jordbær på, og ein kopp te. Kan det bli betre? Dette blir to glas, så du kan dele med ein du er glad i, eller ta begge sjølv, slik eg dessverre (hihihi) måtte gjere fordi eg var heime åleine. Slik gjorde eg det: Smoothie 2,5 dl yoghurt Ein banan Tre plommer Ein nektarin Ha yoghurten i blenderen. Skrell bananen, og del den og ha den oppi. Del opp nektarinen og plommene, fjern steinen og ha fruktkjøtet oppi blenderen. Køyr smoothien glatt og fin. Server i høge glas med sugerør. Mmmm!

Matlaging til glede og besvær


Her kjem ei Heidi-oppskrift, denne gongen fråtsar ho i deilige grønsaker i ein saftig, fransk ratatouille. I tillegg har ho eit forslag til ein norsk versjon. Heidi gjekk på skule i Sveits, og lagar mykje mat inspirert derfrå. Hennar omnsbakte skinkepostei er eit minne frå Sveits. Alt godt Vi har lagt sommarferien bak oss, og har vore frikobla frå den daglege dont i kortare eller lengre tid. No er kvardagen tilbake, og ikkje ein uvesentleg del av kvardagen vår handlar om mat. Eg har i heile sommar misunt sauene sin lettvinte omgang med maten. Dei stikk berre hovudet nedi graset og tek seg ein jafs, medan eg derimot må lage maten min sjølv enten eg vil eller ikkje. Eigentleg ganske urettferdig. Og i tillegg må eg ta omsyn til pris, kvalitet, kunnskap, helse og tid for å få maten på bordet. Men heldigvis maten har og ei sosial side. Vi kan nyte maten, ha sosial omgang rundt bordet – det er ikkje så verst likevel. Magen min vil ha mat kvar tredje, fjerde time. Derfor …

Endeleg


No har eg (vel, også mannen min og andre tilfeldig passerande sterke menn med god rygg) bore  denne digre krukka med fire agapanthusknollar i ut og inn kvar sommar i tre år. Kvar sommar har det spruta opp grøne blad, men ingen blomar. Eg hadde ein avtale med meg sjølv at når det kom kontainer på dugnaden i oktober skulle eg vippe heile skiten oppi den. Men då eg kom heim frå Frankrike – kven andre står her og struttar enn ein sprekkeferdig agapanthusknopp? Stor glede i heimen! (OK, eg er heime åleine, så det er ingen her å dele gleda mi med. Men å dele den med dokke er ein sann fryd, berre så det er sagt.) Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg!

I skogen i tide!


Kvart år synest eg soppsesongen er på hell når eg endeleg kjem meg ut i skogen. Eg slit med å kome meg i skogen i tide! Men i år skal alt bli betre, trur eg. I år har sommaren vore våt, det betyr at skogen er full av sopp av alle slag. Finn deg ei god soppbok, sjekk når det er soppkontroll i ditt nabolag og allier deg med ein soppkjennar i venekrinsen. slik lærer du å skilje dei trygge soppane frå dei skumle og farlege. Plukk aldri sopp når du er i tvil om dei er sikre eller ikkje. Ta med kniv og ein liten kakepensel, slik at du kan rense soppen mest mogeleg i skogen. Det blir mykje skog på kjøkkenbenken etterpå uansett. Då eg var ute i helga fann eg steinsopp, til og med dei små, søte som er så sjeldne å finne. Steinsopp kan bli digre, og hatten på ein perfekt steinsopp har konsistens omtrent som kålrabi. Ukokt. Skjer den i tynne skiver, og tørk den eller surr den i smør …

Heime igjen


Vi slit med skitneklede, rydding i toalettsaker og utpakking av diverse kosmetikk. Men det er jo ikkje så spennande, bortsett frå eitt par eg veit om som sikkert gjerne skulle ha vore her. For dokke andre, kanskje særleg dei som har tenåringar i huset: Når du lurer på kva som har skjedd når du kjem heim frå jobb, kjøkkenet ser ikkje ut og tenåringen framleis går rundt i pysjebuksa, no veit eg det, og her har du beviset:

Tirsdag i Paris


Siste dagen, dei siste bilda. Så mange ville sjå Mona Lisa samtidig med oss, og vi var tidleg ute: Denne lukta vi på, men den fekk ikkje vere med heim. Det fekk derimot ein annan… -Og vi lukta oss igjennom iallfall halvparten av desse, og ein vart med heim. -Så no må vi kvile ut etter ferien! Iallfall eitt par dagar…

Overvelda…


Vi er i transe, etter ein intens og deilig og slitsom dag. Rapporten kjem i form av bilde, lange tekstar er det ikkje tid for no. Dagens frukost var typisk fransk:  Vi dro til Père Lachaise for å sjå grava til Jim Morrison (det var det trettenåringen som ville, ikkje viktig for meg, men kva gjer ein ikkje for sine barn?) Vi var innom Chanel og trudde vi skulle lukte på parfymer, men det var smykkebutikken. Mykje fint der, men ikkje akkurat vår prisklasse. Vi spiste deilig lunch på Jour Naked (litt uklart kva som ligg bak namnevalet). Reker med feta, soyabønner og quinoa. Vi var innom Sephora på Champs Elysees, og trettenåringen fekk lagt makeup, inkludert kolsvart eyeliner. Veldig parisisk. -Og parfymekjøpa vart gjort hos Montale, meir om det seinare. 😉  

Gullrekka…


Eg må berre understreke at dette er frå Lafayette, og ikkje originalbutikkane. Dei tek vi i morgon. Men ikkje desto mindre:  Tom Ford: Annick Goutal: Serge Lutens:  Ingenting i posane enno. Vi berre kartlegg marknaden. Det er veldig viktig å kartlegge marknaden. 😉

På flyplassen


No er vi på flyplassen i Quimper, herfrå går det fire fly om dagen, alle til Orly, så det er ikkje akkurat ein metropol. Volda/Ørsta lufthamn er større.  Vi har vaska oss ut av huset sånn nokolunde. Det vert alltid litt knapt om tid, men vi kom i mål. No planlegg vi ein piknik i Paris med gutane før dei vender nasa heimover. Vi jentene skal bu på Hotel Saint Jacques, vi gler oss! 

Litt meir om Mont St. Michel


AnitaK ynskte seg meir om Mont St. Michel, og i dag er det overskya og vi har pakka ferdig, så eg har slikt å gjere.  Historia om Mont St. Michel går attende til 708, då Aubert, biskopen av Avranches fekk bygd eit kloster på Mont-Tombe, namnet fjellet hadde opprinneleg, for å ære erkeengelen Mikael. Allereie då vart klosteret eit pilgrimsmål. Før 807 hadde fjellet fungert som eit lokalt fort for dei lokale innbyggarane i landskapet Armorica som vart brukt i kampen mot frankerane som kom sør- og austfrå. Benediktinerane etablerte seg der i det tiande århundret, medan landsbyen byrja å vekse nedanfor klosteret.  På fjortenhundretalet hadde dei bygd ut klosteret slik at det dekte heilt ned til foten av fjellet.Det er ganske imponerande at dei klarte å bygge to tre etasjes bygningskroppar på eit spisst fjell der alt måtte fraktast opp ei bratt, glatt skråning med svært enkle hjelpemiddel. På bildet til høgre ser du trekonstruksjonen som er inne i tårnet for å halde erkeengelen oppe. Denne vart teikna av arkitekten Victor Petitgrand under restaureringa …

Eit besøk i Concarneau


Concarneau er ein kystby sør i Bretagne, med masse båtliv, bading og slikt når sola skin. I går gjorde den ikkje det, men vi trakk på oss regnjakker og dro dit likevel.  Den mest sjarmerande delen av byen er Ville Close, den vesle landsbyen som ligg inne i det gamle festningsverket for byen. Festningsverket vart bygd i to etapper, på 1500-talet og 1700-talet.  Festninga ligg på ein odde, som skiljer den kommersielle hamna frå fritidshamna, også kalt yacht-hamna. På ein varm sommardag er det nok stuvande fullt i denne vesle byen. Sjølv om den ikkje var på sitt mest fotogene då vi var der er eg likevel glad for å ha sett den under rolege tilhøve. Både St. Malo og Mont St. Michel var sterkt overbefolka då vi var der, så det var deilig å kome til ein «turistplass» der vi faktisk kunne fote oss. Concarneau er ein av dei største fiskarbyane i Frankrike, med sardin- og tunfiskfangst som dei viktigaste fangstområda. Det ser ein att i butikkane og i restaurantane, det er ofte steikte …

For spesielt interesserte…


Status FØR Paris: Boots No. 07 Perfect and protect serum, Hanae Mori EdP (2/3 av norsk pris…), Cinema Festival d’été, prøver på Hajakuri barneparfymer til kusinene, Molton Brown Body Mousse, ti Amouage-prøver i ein samleboks, to Molton Brown Facial oils, Stella for two Ambre, Estee Lauder dagkrem, Estee Lauder Sensuous EdP, Molton Brown Danaka Blossom, Vivienne Westwood Budouir EdP, Donna Karan Black Cashmere EdP, Clarins Eau Dynamissante dusjgelé, fukt og spray, prøve på ein dagkrem frå Clarins, Diesel The Brave, to prøver, prøver på SJP Dawn, Twilight og Endless, prøve på Carolina Herrera 212 Sexy for men, prøve på Eau de Cartier, prøve på Ange ou Demon Secret, prøve på Lancome Ô, mange prøver på ulike Boots-kremar, Clinique Blush i roseform, Time Delay (sic!) dagkrem, Perfect and protect Lip care, Estee Lauder lipgloss Amethyste, to prøver på Estee Lauder serum, to prøver på Hermès Orange vert og Genthiane Blanche, prøve på Hugo Boss for her, prøve på Mugler EdC (ja, det er den, BÅ!) og prøve på Tresòr. Puh. Unnskyldninga er at – nei, eg har …

Tilbake i Quimper


Vi er på plass i huset vårt att, etter ein sein køyretur frå St. Malo og «heim». Nordover køyrde vi «the scenic route», dei fine småvegane som går igjennom søte små byar med konditori og kaféar, men sørover freste vi avgarde på motorveg via Rennes. Vi brukte ca. tre timar utan stopp. Far min ville vore stolt. No skal vi vaske litt klede og rydde litt, få i oss frukost og dra ein liten tur til Concarneau, eller Kon Karnå som den heiter på Bretonsk. Mykje enklare.