Vertskapet her nordpå trur på minimalisme i alle ledd unntatt når det gjeld mat. Alt er dermed ganske spartansk, altså ikkje noko nett, ikkje tv, ein sliten radio stildra oppå sofaryggen og sittegruppe i fire ulike ikkje matchande grønfargar.
Så vi er på leit etter eit samarbeidsvillig trådlaust nett, og enda opp på Gründer på Finnsnes. Her får vi smoothie og Earl Grey med sitron i store glas, og er ganske fornøgde, særleg fordi det følgjer internett med på kjøpet.
Alt er litt seinare her oppe, og det nyt vi godt av. Saftige, søte jordbær frå Salen gård i Rossfjorden:
Markjordbær frå oppi bakken:
Harry Potter-skogen, med bregner høgare enn ein åtteåring (vi har målt):
Kan nokon namnet på denne blomen? Vi har ikkje sett den før. Lange stilkar, små runde blad langt nede på stilken. Ignorer flua.
Jåblom – Parnassia palustris
Takk, Berit! 🙂
Er du på Finnsnes?????? Jeg jobber 50m fra Gründer jeg……
Rita: Har sendt deg ein pm på gal…
Så herlig med jordbær 🙂 Her er de over for i år, i alle fall i hagen… Men man finner de vel på en og annen butikk.
Høres litt spartansk ut, ja… Men da blir det jo ekstra godt å komme hjem 🙂
Hilsen Margrethe
Enig med Berit – det må være Jåblom. Jeg har spist markjordbær i egen hage også i dag, jeg…
Samma her. Har noen tuer innimellom de fiiine plantene i bedet. 😉
Høres ut som en skikkelig passe lo-fi-ferie. Kjører dere bil hele veien opp, eller flyr dere?