Denne: Ein smoothie med banan, nektarin og plommer, blanda med melonyoghurt. Saman med ei rista brødskive med philadelphiaost og jordbær på, og ein kopp te. Kan det bli betre?
Dette blir to glas, så du kan dele med ein du er glad i, eller ta begge sjølv, slik eg dessverre (hihihi) måtte gjere fordi eg var heime åleine. Slik gjorde eg det:
Smoothie
2,5 dl yoghurt
Ein banan
Tre plommer
Ein nektarin
Ha yoghurten i blenderen. Skrell bananen, og del den og ha den oppi. Del opp nektarinen og plommene, fjern steinen og ha fruktkjøtet oppi blenderen. Køyr smoothien glatt og fin.
Server i høge glas med sugerør. Mmmm!