AnitaK ynskte seg meir om Mont St. Michel, og i dag er det overskya og vi har pakka ferdig, så eg har slikt å gjere.
Historia om Mont St. Michel går attende til 708, då Aubert, biskopen av Avranches fekk bygd eit kloster på Mont-Tombe, namnet fjellet hadde opprinneleg, for å ære erkeengelen Mikael. Allereie då vart klosteret eit pilgrimsmål.
Før 807 hadde fjellet fungert som eit lokalt fort for dei lokale innbyggarane i landskapet Armorica som vart brukt i kampen mot frankerane som kom sør- og austfrå.
Benediktinerane etablerte seg der i det tiande århundret, medan landsbyen byrja å vekse nedanfor klosteret.
På fjortenhundretalet hadde dei bygd ut klosteret slik at det dekte heilt ned til foten av fjellet.Det er ganske imponerande at dei klarte å bygge to tre etasjes bygningskroppar på eit spisst fjell der alt måtte fraktast opp ei bratt, glatt skråning med svært enkle hjelpemiddel.
På bildet til høgre ser du trekonstruksjonen som er inne i tårnet for å halde erkeengelen oppe. Denne vart teikna av arkitekten Victor Petitgrand under restaureringa seint på 1800-talet.
Gjennom hundreårskrigen heldt Mont St. Michel stillinga mot engelske angrep heile vegen, og på den måten vart klosteret eit symbol på fransk eining og motstandsstyrke.
Etter reformasjonen vart søkinga til klosteret mindre, og etter den franske revolusjonen vart den religiøse aktiviteten i klosteret avslutta heilt. Klosteret vart brukt som fengsel i fram til 1863. I 1874 vart det klassifisert som eit historisk monument, og restaureringsarbeidet byrja.
Sidan då har franske styresmakter helde fram med arbeidet med å sette klosteret tilbake til den standen det var i, og reparere skader. Sidan 1979 har klosteret vore på UNESCO si verdsarvliste.
Som bygning er klosteret unikt på mange måtar. Planløysinga, om ein kan kalle det det, liknar ikkje på nokon andre kloster. På grunn av fjellet inni klosteret er bygningane nærast folda rundt fjellet, og i dei låge etasjane er romma lagt rundt fjellet, ikkje høgd inn i det, slik enkelte av fengselskonstruksjonane er.
Den åtti meter lange kyrkja er på toppen av bygningen, og under det ligg det ein krypt som har til oppgåve å bere kyrkjebygget.
Trappene som fører opp til kyrkja går rundt fjellet, og kallast Grand Degré. Vegen vidare går mellom kyrkja og abbedane sine kvarter, ut på den vestlege terrassen. Der ser ein ut over havet, våtmarksområda og sandbankane.
På denne terrassen ser ein spor etter den gamle kyrkja, som brann ned på 1800-talet. Ein ser også ut til Iles Chausey, øya der ein henta granitten for å bygge alle konstruksjonane på klosterfjellet.
Når ein løfter blikket ser ein den grandiose frontveggen til kyrkja, og det er ei kyrkje i aktiv bruk. Det foregår daglege gudstenester der med kor og det heile.
På toppen av kyrkjespiret står ein forgylt skulptur av erkeengelen Mikael. Victor Petitgrand, bestilte figuren av kunstnaren Emmanuel Frémiet, som ferdigstilte den i 1897.
Etasjeoppbygginga er sofistikert, og flyten i klosterlivet var med på å bestemme planløysinga. Spisesalen ligg parallelt med kyrkjeskipet, der vart alle måltid inntekne i tystnad medan ein utpeikt munk las frå dei heilage skriftene.
Der er ein hage på toppen og, der munkane kunne gå i gangane rundt hagen å meditere og be. Under spisesalen ligg gjestekvartera, der mottok abbeden gjestar, og styrte gjennom desse møta mykje av det politiske livet i området.
Mike Oldfield skreiv musikken til plata Voyager inspirert av Mont St. Michel. Klosteret har vore inspirasjonskjelde og kulisse til mange filmar, bøker og musikkverk.
Kjekt å se og lese!
Så interessant! Nå fikk jeg enda mer lyst til å dra hit. Tusen takk! 😀
Virkelig noe mye mer og helt annet enn postkort-versjonen den (u)salige reisejournalistiskken ofte refererer til.
Likte den om erkeenglelen Gabriel i ny versjon. Det står en Gabriel på toppen av Nidarosdomen – han er modellert etter ansiktet til Bob Dylan. 😆
Sorry, litt trøtt – det er Mikael – jeg og alle helgenene. Ville nok gjort en veldig dårlig framferd om noen skulle hørt meg i helgen-lære. 😆