Billig mat, Tilbehør, Veggis
Comments 5

Urter i glas og krukker

No står urtene i hagen min på sitt vakraste, og ber om å bli plukka inn og brukt i mat og drikke. Eg føler meg rik når eg går ut med korg og saks, og klipper det eg treng for å gje maten vår eit løft.

Urter er noko av det enklaste du kan dyrke i hagen din. Koriander og dill bør du så fleire gongar i løpet av sesongen, dei andre urtene klarer seg på eiga hand så lenge dei får væte og litt gjødsel av og til. Har du først sådd koriander, sår den gjerne seg sjølv seinare. Eg satte ei butikkpotte med koriander i bedet mitt for tre år sidan, og etter det har eg frisk koriander i hagen heile sommarsesongen.

Dill er litt meir finsleg, og vil dessutan gjerne ha sol for å trivast. Basilikum er så finsleg at den bør få vere inne. Der kosar den seg, så lenge den får god jord og blir vatna kvar dag. Eg brukar å tynne ut dei basilikumplantane eg kjøper med hard hand, då klarer dei attståande kvistane seg mykje betre.

Timian, salvie, sitronmelisse, løpstikke og mynte er stauder, og kjem att år etter år. Løpstikka blir diger, både den og sitronmelissa har berre godt av å bli klipt heilt ned midtsommars, til dømes rett før du tek ferie.

urter2Timian og salvie plagar ingen, og står pent der du plantar dei og blomstrar vakkert. Salvie blomstrar på andre års grein, så ikkje klipp den ned sjølv om den ser pjuskete ut på våren. Mynte er eit ugras, og bør plantast i krukker eller i nedgravde bøtter utan botn for at dei ikkje skal ta overhand.

Kattemynte er artig å plante viss du har kattar, men i og med at mange kattar likar godt å rulle seg i den kan den få eit hardt liv. Tørk kattemynten og sy den inn i tøyposar, så får katten din ei favorittleike.

Eg må innrømme at dei fleste urtene mine kjem frå kjøpepotter. I hagebøker står det at dei ikkje egnar seg for utplanting, men det funkar for meg. Rosmarin må uansett inn til vinteren, og timian og estragon kan hende frys bort dei og, men resten står fine og fornøgde i hagen min trass i sitt tvilsame opphav.

Salvie og basilikum er forresten så lette å så at du kan prøve deg. Timian syns eg spirte altfor sakte, så der har eg halde meg til potter. Dill bør også såast, dei pottene du får kjøpt er så små at dei er meir symbolske.

Så kva skal ein bruke urtene til? I dag har eg kosa meg med å lage aromatiske urteeddikar. Eg fann ei flaske gamaldags eddikessens, og blanda den ut med kokt, kaldt vatn slik at den fekk passe styrke. Sidan eg likar litt søtleg eddik, hadde eg i litt sherryeddik, slik at eddiken fekk litt sødme, og ikkje minst ein fin, gylden farge.

Så klipte eg urter, og lagde nokre variantar som eg trur du vil like. Uansett kva eddik du lagar, så smak på den etter eitt par veker. Viss smaken er passe, så sil den, og kast urtene. Viss den er for sterk, så tynn den ut litt, og er den for svak kan den stå ei veke eller to til. Sil uansett frå urtene til slutt, dei blir grøtete og triste viss dei står i eddiken for lenge. Merk flaska slik at du huskar kva som er på den.

Slik gjorde eg det:

eddikUrteeddik

1 liter kokt, kaldt vatn

1,5 dl eddikessens (35%)

6 ss sherryeddik

Bland dette saman.

Til estragoneddik:

To kvistar fransk estragon

Legg kvistane i ei heilt rein flaske, og hell over eddik.

Til chilieddik:

Ein raud chilipeppar

Tre kvistar timian

Legg chilien og timian i ei rein flaske, og hell over eddik. Vil du ha denne eddiken skikkeleg sterk, kan du dele chilien i to først, og legg den på flaska etter at du har fjerna frøa.

Eg lagde også ein eddik som ikkje er med urter, men med noko som mange av oss har (for) mykje av for tida: Plommer.

Plommeeddik

Tre plommer, helst raude

to stjerneanis

Skyll plommene godt, og tørk dei. Del dei i små båtar. Legg dei i ei flaske saman med stjerneanisane. Del dei opp om dei ikkje går gjennom flaskehalsen. Slå over eddiken.

Så er det berre å prøve seg fram. Prøv med det du har i hagen, og smak deg fram til nye kombinasjonar. Eddiken held seg lenge når du har silt frå smaksingrediensane, og er ei fin og personleg julegåve eller vertinnegåve når du skal i selskap.

This entry was posted in: Billig mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Takk for tipsene! Jeg har en mengde urter jeg ikke helt vet hva jeg skal gjøre med. Noen ganger har jeg laget oljer med smak, som er kjempefine å bruke på salaten. Eddik fungerer bra som dressing det også, men hva annet bruker man egentlig kryddereddik til?

  2. Du kan bruke kryddereddik alle plassar der du brukar vanleg eddik, og smaken harmonerer. Husk at det ikkje berre er kald salat som kan få ein god dressing. Eg lagar ofte varme grønsaker, grilla eller kokte, med ein god dressing på. Prøv ut denne, til dømes: http://altgodt.wordpress.com/2009/06/19/meir-italiensk-capunata/

    Olje og eddik på nypoteter med eit dryss av vårløk, luftløk eller grasløk er nydeleg.

    Litt eddik og ei klype sukker er kjempegodt på steikt løk, til fisk eller karbonader.

  3. Kari says

    Hei
    Flott innlegg du har her.

    Når det gjelder å bruke butikk-kjøpte urter til å sette ut, så jeg et program med Camilla Plum hvor hun tar for seg nettopp det.

    Hun bruker kjøpeplanter. Det hun blant annet sier er at kjøpeplanter gjerne kan tas opp av potten og deles opp kraftig fordi det er så mange planter i en potte. Dette gjør at overlevelsen blir mye bedre. Kjøpeplanter som dør fort kan gjøre det nettopp fordi de står så tett at hver plante får for mye konkurranse. Men hvis de deles opp er hver og enkelt plante sterkere.

    Legger med en lenke: http://www.fuglebjerggaard.dk/Camilla/Camilla.velkommen.htm

    Jeg har lyktes med noen butikkplanter og ikke med andre. Og jeg tror gjerne at Plums tips kan være akkurat det som betyr noe i den sammenheng 🙂

  4. Pingback: Gåveidéar « Alt godt

  5. Eli Ormerod says

    Jeg lager bringebæredikk som blir fantastisk! Ferske eller frosne bringebær overhelles med rødvin- eller hvitvineddik. Siles fra når bærene mister farge. Fantastisk i salater og sauser.
    Kjøpte krydderurter , spesielt merian og basilikum, deler jeg opp og planter i store potter. De første par ukene lar jeg dem stå i skyggen, deretter full sol. Da har de vendt seg til lyset utenfor butikken. Gir en overflod av karftige planter!

Leave a Reply