Grønt
Comments 7

Endeleg

IMG_9507No har eg (vel, også mannen min og andre tilfeldig passerande sterke menn med god rygg) bore  denne digre krukka med fire agapanthusknollar i ut og inn kvar sommar i tre år. Kvar sommar har det spruta opp grøne blad, men ingen blomar. Eg hadde ein avtale med meg sjølv at når det kom kontainer på dugnaden i oktober skulle eg vippe heile skiten oppi den.

Men då eg kom heim frå Frankrike – kven andre står her og struttar enn ein sprekkeferdig agapanthusknopp? Stor glede i heimen! (OK, eg er heime åleine, så det er ingen her å dele gleda mi med. Men å dele den med dokke er ein sann fryd, berre så det er sagt.) Eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. hildeG says

    Gratulerer! Mannfolkene har ikke lempet forgjeves…

  2. Anita K. says

    Da klarte du mer enn meg – min agapanthus daua etter en vinter… 😆
    Herlig hjemkomstgave. 🙂

  3. Nydelig, takk for at du deler den med oss da!!!

    God helg til deg og, kom deg ut i skogen og plukk;)

  4. Gratulerer! Det er akkurat som det hjelper litt å legge sånne containerplaner 😉

  5. Cilla says

    Gratulera. Har prøvt sjøl, og ikkje fått blom. Takk for blogg, kjekt med oppskriftene du publiserer.

  6. Den var kjempeflott!
    Da hiver ikke jeg min på komposten i år alikevel 🙂

Leave a Reply