Allergi, Billig mat, Mat, Middag, Supper, Veggis
Comments 8

Ei deilig suppe – kan det freiste?


No er det tid for dei varmande, næringsrike suppene og grytene her hos meg. Eg er glad i supper av alle slag, men eg slit med desse to ungane eg har sett til verda, som er skeptiske til løk, selleri, sopp, kål, linser, erter og bønner; alt som gjev supper god smak.

Det vil seie, dei et det med glede dersom dei ikkje får bitar av tabugrønsakene i munnen. Difor velsignar eg stavmiksaren min, den gjer at eg slepp å drive med spesialmenyar, og dei venjar seg til smakane. Supper med vanskelege grønsaker i får ein omgang med stavmiksaren, og så sklir dei ned på høgkant.

I dag har eg laga linsesuppe, det er ei basisoppskrift som kan varierast i det uendelege, alt etter kva du har i huset. Den er og lettvint og billig å servere viss du skal ha mange gjestar. Få tak i ei stor gryte, og lag suppe til 20 personar for ein hundrelapp! Vil du skeie ut, kan du steike baconterningar, sette fram ei stor skål med rømme og nokre heimelagde brødkrutongar til å drysse i. Med denne oppskrifta er unnskyldninga om at det er dyrt å ha gjestar gjort til skamme.

linserLinser er noko du bør ha i skapet heile tida. Kjem det ein uventa gjest kan du dryge middagsgryta med å koke eitt par nevar linser i den. Kok linser i buljong, og bruk dei i ein salat for å gjere den meir mettande. Bruk kokte puy-linser som tilbehør i staden for poteter eller ris, bland inn hakka løk, paprika og urter inn i dei lunka linsene, og kryst ein halv sitron over før du serverer.

Eg brukar oransje eller gule linser i suppa, dei grøne puy-linsene er deilige på smak, men gir suppa ein ulekker farge. Så supplerer eg med det eg har av grønsaker i huset, alle haustgrønsakene kan brukast, og både squash og graskar kan puttast i suppa. Denne oppskrifta er til fire personar. Slik gjorde eg det:

Linsesuppe

linsesuppe4 dl linser

3 ss olje eller smør

2 ts malt spisskummin

Ein stor løk

Tre fedd kvitløk

Ein skalk av hovudkål

To gulrøter

Ein selleriskalk eller tre stenger stilkselleri

1,5 liter vatn

Flytande fond eller buljongterningar; alt går unntatt fiskebuljong.

Saft av ein sitron

Salt, sukker og peppar

Skyll linsene i eit dørslag, og la dei gjerne henge i vatn, det kortar ned koketida. Rens og hakk løk, kvitløk, selleri og kål, gulrøtene er det like greitt å rive. Varm opp oljen i ei stor gryte, og surr grønsakene med spisskummin til grønsakene blir blanke og løken er gjennomsiktig. Slå over vatnet, og ha i buljong. Ha i linsene, og la det heile koke til både linsene og grønsakene er møre.

Når alt er ferdig kokt, kan du køyre suppa glatt med ein stavmiksar eller i hurtigmiksaren på kjøkkenmaskinen. Har du ikkje sære folk i huset, serverer du den som den er, med bitar og heile linser. Smak til med sitronsaft, sukker, salt og peppar til smaken er rund og fin.

salvieHar du salvie i hagen, så finhakk nokre blad og putt i suppa. Serverer du pent i skåler til kvar person kan du frittere eitt par salvieblad til kvar, og ha til pynt i suppa.

Til fest er det godt å servere suppa med baconbitar, rømme, brødkrutongar og/eller avokadoterningar i. Har du ei forsamling med både vegetarianarar og kjøtetarar er dette ein grei måte å glede alle på. Veggisane får suppa si, og kan ha i rømme viss dei likar slikt, samt avokado. Vi kjøtetarane får ein liten kjøtsmak, og det er nok til å halde oss fornøgde. Eg serverte mi suppe til berre kjøtetarar, og då slo eg steikefeittet frå baconet oppi suppa. Det gir god smak, og suppa er så mager at det toler vi godt.

Suppa passar og fint for mjølkeallergikarar, dersom du lovar å bruke olje, og ikkje smør.

8 Comments

  1. Jeg har også slike unger. Skeptisk «look» er bare fornavnet.
    – Dere burde ha fått levd på røkt kolje og spekesild, truer jeg. Moahaha.
    Men i går stekte jeg plain kylling i noe tomat og krydder. Og såååå takknemlige de plutselig var. Det var vel at vi hadde «fersk» båndspaghetti som gjorde utslaget. 🙄

    Likar

  2. Maiblomst says

    Lurt å bruke stavmiksaren på grønnsakene! Eg brukar den til å skjule løken i tomatsausen, men hadde ikkje tenkt på grønnsaksuppa. Takk for tipset!

    Likar

  3. Bente says

    Nesten godt å høre at jeg ikke er alene om de litt sære avkommene…. Av og til er vi mer enn forundret over at to mennesker som er over gjennomsnittet interessert i mat, kan ha fått så skeptiske barn… Det er overhodet ingen sammenhenge! Og min «trussel» når det klages og sytes er lungemos…. 🙂

    Likar

  4. Ingrid9000 (Ingrid) says

    Den arabiske versjonen av denne suppa (den kalles Addas) er såre enkel, ta litt kyllingbiter og hakk litt gul løk og kok linsene sammen med dette til de er møre og kokt ut og kyllingen er kokt. Litt salt må i. Buljong eller annet krydder trengs ikke men jeg pleier kverne litt pepper i.
    Press litt frisk sitronsaft i suppa i tallerkenen. Spises med litt vårløk for de pysete, frisk, rød chili for de vågale og så selvsagt pitabrød.
    Det blir god smak bare med røde linser og løk også. Billig mat får en si.

    Likar

  5. TerraDiva says

    Enig i at linser (og bønner) er super mat! Her hos oss går det i en variant av denne supper med tilsatt hermetiske hakkede tomater i stedet for kål og gulerøtter. Med litt chilikrydder oppi går den under navnet Mexikansk suppe. Har servert den til gjester med nachochips med ost på gratinert i ovn som tilbehør. Populært. Suppen får fin farge av tomatene (med varsom bruk av chili liker nok barn den også), spesielt med nachochips til + en omgang med stavmixeren for de som ikke kan ha «klumper i maten».Verdt et forsøk! Sunnere med gulerøtter og kål en nachochips, men som en variant er dette sikkert verdt et forsøk!

    Likar

  6. Det hørtes veldig godt ut!
    «Klumper i maten». Kan noen vennligst avskaffe den hangup’en. 🙄

    Likar

  7. Villvin says

    Nå klapper jeg meget fornøyd på magen etter lunsj med denne linsesuppa, hadde i pastinakk i stedet for kål da man tager det man haver, en teskje garam masala og en kvart teskje chili og et dryss med fersk koriander på toppen. Akkurat passe sterk og helt nydelig!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s