All posts tagged: Gjærbakst

Appelsinknyte


Her om dagen lagde eg desse enkle appelsinknyta, og dei vart så gode at eg klarte nesten ikkje å slutte å spise dei. Prøv du og, eg trur du vil like dei. Eg lagar dei med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode dei vart! Det salte smøret og den søte marmeladen er ein perfekt smakskombinasjon. Det er viktig at du lar deigen heve lenge og godt. Det står ”hev i 30 minutter” i mange oppskrifter, og det trur eg er grunnen til at mange meiner dei ikkje får til gjærbakst, iallfall viss du brukar tørrgjær. Eg lar slike feite deigar som denne er heve iallfall i 45 minutt både før og etter utrulling. Då blir bollane luftige og saftige, og fulle av smak. Spis appelsinknyta ferske, det er då dei er best. Appelsinknyta lagar eg med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode …

Frøsnippar til frukost


Å få fersk bakst til frukost er utruleg godt, men eg orkar ikkje å vere den som står opp grytidleg for å sette ein deig, så mykje veit eg. Med denne oppskrifta treng du ikkje det! Desse frøsnippane hevar over natta i kjøleskapet, og treng ikkje etterheve om morgonen, dei skal steikast fort og gale. Eg set på omnen når eg står opp, og så går eg på badet. Når eg er ferdigdusja er omnen varm, og då set eg snippane i omnen. Før alle har stått opp og bordet er dekt, så står det nysteikte snippar på bordet. Det er populært, kan eg fortelje. Kaldheving er ein grei måte å bruke når du vil ha lang hevetid. Ein annan måte er å bruke veldig lite gjær, ein klump så stor som ei ert er nok viss du vil heve dette brødet i romtemperatur over natta. Men så lenge eg har plass i kjøleskapet syns eg har meir kontroll når deigen hevar der. Ukontrollert heving over all mark er eit styr å rydde opp i. …

Gode grovbrød


Ein får liksom aldri nok gode brødoppskrifter. Og ingenting er deiligare enn å skjere opp eit nysteikt brød til frukost. Dette er det brødet eg bakar kvar gong vi kjem til Sverige. Svenskane kan ikkje brød, det er berre sørgeleg. Dei har alt for mykje sirup i dei, og så har dei ikkje butikken full av ferske brød om morgonen slik vi er vande med, iallfall ikkje her ute på glesbygden der vi held til. Vi kjem som regel hit til svenskehuset om kvelden, og viss klokka er før åtte, så set eg ein brøddeig. Då rekk den å heve, og eg får bakt ut brøda og steikt dei før vi legg oss. Å stå opp til frukost med brød som berre har vore ute av ovnen nokre timar, det er ei stor glede. Når ein har bakt brød ein del gongar så tek ein det litt på frihand. Ein brøddeig er ganske robust, og toler å stå lenger enn ein trur. Eg stikk gjerne og handlar viss eg bakar brød midt på dagen, om …

Fynsk brunsviger


Fyrst posta Maj-Britt Aagaard:
Faren min døde. To ganger døde han. Første gang da jeg fremdeles var barn, og han reiste tilbake til sitt hjemland Danmark…og ble der. Andre gang da han drakk seg ihjel og ble funnet død hjemme i sengen sin på Fyn første februar i år. Men i tidsspennet mellom disse to bortgangene, lærte han meg mye av det jeg i dag kan og vet om mat og matlagning. Man køddet ikke med Jens Aagaard om mat. Og man køddet ikke med Jens Aagaard om kunst og musikk. Han var billedkunstner, musiker, sjømann og tidligere kokk. Vi snakket sammen på telefonen, og vi skrev brev når vi ikke kunne være sammen. Hver samtale inneholdt bestandig spørsmålet “hva skal dere spise i dag?”, og så en nøye gjengivelse av dagens måltider, og kanskje til og med en kjapp tur innom hva man ellers hadde spist av gode saker i løpet av uka, hvis tellerskritt og lommebok tillot at man brukte tid på dette. Den eneste gangen han spiste ferdigmat, eller mat som han…

Vårt daglege brød


No er kvardagane her igjen, alle har komt heim frå ferie og matpakken må smørast som før. Då er det viktig å ha eit godt brød å smøre matpakke av. Når eg skal lage matpakkar likar eg å ha skorpe rundt heile brødet, ganske enkelt fordi då held det seg nokolunde på plass. Det får eg når eg bakar brødet i former. Eg vaks opp med fire brød sett saman i ei langpanne, og når ein bakar seksten brød i slengen, som mor mi gjorde, så fungerer det greitt. Men eg held meg til tre om gongen, og då har eg tre former som passar perfekt inn i omnen min side om side. Å lage brød er noko som passar fint å gjere ein dag då ein held på med andre ting i huset. Arbeidsprosessane er ikkje så store, men dei må gjerast med ca. ein times mellomrom, så ein har god tid til å fikse alt frå klesvask til loftsrydding medan brøda hevar. Eg brukar klokkealarmen på komfyren for å minne meg om når …

Mine gode fastelavensbollar


Sjølv om det å faste er gått av moten så feirar vi framleis fastelavn. Fastelavn er ein del av innleiinga til fasta, I morgon er det fastelavnssøndag, med ris som skal gi ein fruktbar vår. I gamle dagar fekk både kvinner og dyr ein omgang med riset, heldigvis har vi ris berre til pynt no for tida. Mandag er det blåmandag, då skal ein ete mager kost, slik at ein har plass til mykje mat i magen dagen etter, på feitetysdag. Askeonsdag skal ein tradisjonelt kle seg i sekk og aske, og aska skal kome frå brende palmegreiner som ein har teke vare på frå palmesøndag i fjor. Det er mykje å passe på, altså. Men ein kan også ta den enkle vegen, og ganske enkelt kose seg med deilige krembollar på fastelavn. Eg har laga kanelbollar av den same bolledeigen, det er fint med litt variasjon. Vert ikkje alle bollane etne egnar dei seg godt til frysing, så lenge dei ikkje har fått krem i seg. Slik gjer eg det: Fastelavnsbollar 2 liter kveitemjøl …