Billig mat, Gjærbakst, Kaker, Mat, Veggis
Comment 1

Rosebollar

Men kva skal eg gjer med den andre halvdelen av deigen? spurte venninna mi, ho hadde laga dei klissete og deilige karamellsnurrane mine laurdag ettermiddag. Den kan sjølvsagt brukast på same måte som du elles ville ha brukt søt gjærdeig, til ei lita kringle, åtte-ti bollar, eller du kan gjere noko meir forseggjort. Eg laga rosebollar!

Slik gjer du det:

Basisdeig for bollar

3 dl mjølk

Ein pakke gjær for søte deigar

 

1 ts salt

8-9 dl kveitemjøl

1 dl sukker

1 ts malt kardemomme

Eit egg

100 g smør

IMG_4671Varm forsiktig opp mjølka i ei tjukkbotna gryte til den er fingervarm. Det skal verken kjennast varmt eller kaldt når du stikk fingeren nedi. Ha mjølka i bakebollen. Brukar du fersk gjær, så smuldrar du den i mjølka, viss du har tørrgjær har du den i saman med mjøl og sukker.

Ha i mjølet litt og litt, saman med sukker, salt og kardemomme. Knekk egget i ein kopp, og elt det inn. Ha i mjøl til deigen er ganske fast. Til slutt eltar du inn smøret i bitar. Då blir deigen ganske klissete, men ver tolmodig, og elt deigen i 8-10 minutt. Då har du ein passe fast deig som er glatt og fin, og lett å kjevle ut. La deigen heve i ein time.

IMG_4660

Rosebollar

Ein halv porsjon bolledeig (som har heva)

Eit egg til pensling

Former til å steike i

Fyll:

50 g mjukt smør

1 dl brunt sukker

½ ts kanel

½ ts kinesisk five spice-krydder

Ha smør og sukker i ei skål, og kna det i hop saman med krydderet. Sett fyllet til side.

Sett steikeomnen på 200 grader.

IMG_4661Kjevle bolledeigen ganske tynn (ca. ½ cm) på eit mjølstrødd bord. La deigen kvile litt, før du stikk ut ringar som er ca. 10-12 cm store. Kna saman deigen som ikkje vart stukken ut, og kjevle ut på nytt.

Legg tre rundingar delvis over kvarandre. Lim dei saman med piska egg der dei overlappar. Smør fyllet på rundingane, og rull saman frå den nederste rundingen.

IMG_4662No har du ei pølse med ringar. Kutt pølsa i to på midten, og sett kvar ende med kuttsida ned i ei form. Pensle dei med samanpiska egg. Har du fyll til overs, kan du legge ein liten klatt midt i rosa. La rosene heve i 30-40 minutt.

Steik rosene på 200 grader i 18-20 minutt.

 

1 Comment

  1. Pingback: Alt godt

Leave a Reply