All posts tagged: bollar

Rosebollar

Men kva skal eg gjer med den andre halvdelen av deigen? spurte venninna mi, ho hadde laga dei klissete og deilige karamellsnurrane mine laurdag ettermiddag. Den kan sjølvsagt brukast på same måte som du elles ville ha brukt søt gjærdeig, til ei lita kringle, åtte-ti bollar, eller du kan gjere noko meir forseggjort. Eg laga rosebollar! Slik gjer du det: Basisdeig for bollar 3 dl mjølk Ein pakke gjær for søte deigar   1 ts salt 8-9 dl kveitemjøl 1 dl sukker 1 ts malt kardemomme Eit egg 100 g smør Varm forsiktig opp mjølka i ei tjukkbotna gryte til den er fingervarm. Det skal verken kjennast varmt eller kaldt når du stikk fingeren nedi. Ha mjølka i bakebollen. Brukar du fersk gjær, så smuldrar du den i mjølka, viss du har tørrgjær har du den i saman med mjøl og sukker. Ha i mjølet litt og litt, saman med sukker, salt og kardemomme. Knekk egget i ein kopp, og elt det inn. Ha i mjøl til deigen er ganske fast. Til slutt eltar du …

Appelsinknyte

Her om dagen lagde eg desse enkle appelsinknyta, og dei vart så gode at eg klarte nesten ikkje å slutte å spise dei. Prøv du og, eg trur du vil like dei. Eg lagar dei med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode dei vart! Det salte smøret og den søte marmeladen er ein perfekt smakskombinasjon. Det er viktig at du lar deigen heve lenge og godt. Det står ”hev i 30 minutter” i mange oppskrifter, og det trur eg er grunnen til at mange meiner dei ikkje får til gjærbakst, iallfall viss du brukar tørrgjær. Eg lar slike feite deigar som denne er heve iallfall i 45 minutt både før og etter utrulling. Då blir bollane luftige og saftige, og fulle av smak. Spis appelsinknyta ferske, det er då dei er best. Appelsinknyta lagar eg med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode …