Gjærbakst, Mat, Noko søtt
Leave a Comment

Appelsinknyte

Her om dagen lagde eg desse enkle appelsinknyta, og dei vart så gode at eg klarte nesten ikkje å slutte å spise dei. Prøv du og, eg trur du vil like dei. Eg lagar dei med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode dei vart! Det salte smøret og den søte marmeladen er ein perfekt smakskombinasjon.

Det er viktig at du lar deigen heve lenge og godt. Det står ”hev i 30 minutter” i mange oppskrifter, og det trur eg er grunnen til at mange meiner dei ikkje får til gjærbakst, iallfall viss du brukar tørrgjær. Eg lar slike feite deigar som denne er heve iallfall i 45 minutt både før og etter utrulling. Då blir bollane luftige og saftige, og fulle av smak.

Spis appelsinknyta ferske, det er då dei er best.

Appelsinknyta lagar eg med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode dei vart! Det salte smøret og den søte marmeladen er ein perfekt smakskombinasjon.

 

Det er viktig at du lar deigen heve lenge og godt. Det står ”hev i 30 minutter” i mange oppskrifter, og det trur eg er grunnen til at mange meiner dei ikkje får til gjærbakst, iallfall viss du brukar tørrgjær. Eg lar slike feite deigar som denne er heve iallfall i 45 minutt både før og etter utrulling. Då blir bollane luftige og saftige, og fulle av smak.

Spis appelsinknyta ferske, det er då dei er best.

IMG_4991Appelsinknyte

100 g smør

3 dl mjølk

1/2 pk gjær, fersk eller tørr

1 egg

½ ts salt

1 dl sukker

8-10 dl kveitemjøl

Fyll:

50 g smør

50 g appelsinmarmelade

Pynt:

1 egg

Mandelspon

Perlesukker eller melisglasur

Smelt smøret. Ha i mjølk, og varm det forsiktig opp til 37 grader. Ha litt av væska i bakebollen, og smuldre gjæra i. Ha i egg, sukker, salt og mesteparten av mjølet. Elt deigen til den er smidig og fin. Elt inn nok mjøl til at deigen så vidt slepper bollen. La den heve i 45 minutt.

IMG_4985Kjevl deigen ut til ca. 1 cm tjukn over det heile. Skjer deigen i ruter som er ca. 8×8 cm med eit pizzahjul. Rør saman smør og appelsinmarmelade, og legg ei teskei på kvar rute. Knip rutene saman til eit lite knyte, og sett dei i muffinsformer. Pensle dei med samanpiska egg, og dryss på mandelspon og perlesukker viss du vil bruke det. La knyta heve i 45 minutt.

Sett omnen på 220 grader. Bak knyta midt i omnen i 10-12 minutt, til dei har fått fin farge. La dei kolne på rist. Vil du ha melisglasur på, så rør ut 1 dl melis med litt sitronsaft, og ringle det over.

Leave a Reply