All posts tagged: appelsin

Appelsinknyte

Her om dagen lagde eg desse enkle appelsinknyta, og dei vart så gode at eg klarte nesten ikkje å slutte å spise dei. Prøv du og, eg trur du vil like dei. Eg lagar dei med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode dei vart! Det salte smøret og den søte marmeladen er ein perfekt smakskombinasjon. Det er viktig at du lar deigen heve lenge og godt. Det står ”hev i 30 minutter” i mange oppskrifter, og det trur eg er grunnen til at mange meiner dei ikkje får til gjærbakst, iallfall viss du brukar tørrgjær. Eg lar slike feite deigar som denne er heve iallfall i 45 minutt både før og etter utrulling. Då blir bollane luftige og saftige, og fulle av smak. Spis appelsinknyta ferske, det er då dei er best. Appelsinknyta lagar eg med vanleg bolledeig, som eg kjevlar ut og fyller med appelsinmarmelade og smør rørt saman. Det høyrest heilt uskuldig ut, men fyttikatta kor gode …

Saftig sjokoladekake med appelsin

Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta! Sjokoladekake med appelsin 150 g smør 300 g sukker 3 store egg 2,5 dl appelsinjuice 100 g kokesjokolade 250 g kveitemjøl 3 ts bakepulver Rive skal av ein appelsin Til dynking 0,5 dl appelsinjuice Sjokoladekrem: 1 ts pulverkaffe 2 ss kokande vann 100 g kokesjokolade 250 g melis 50 g smør 1 egg Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen,  og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt. Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den …

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten. “Dressingen” til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det: Sitrussalat To appelsiner To blodappelsiner To grapefrukt 2 dl vatn 1 dl sukker Safta av ½ sitron Tre kardemommefrø 1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side. Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når …

Påskekake til fjells

”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant? Appelsinkake 200 g mjukt smør 2 dl sukker 4 egg 1 appelsin 1 1/2 ts bakepulver 4 dl mjøl 1/2 dl appelsinjuice 4-5 ss appelsinjuice til dynking Glasur: 2,5 dl melis 4 ss appelsinjuice Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer skalet i strimlar. Fjern gjerne litt av det kvite, viss det er veldig tjukt. Vend skalet i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert. Press ut appelsinsafta av fruktkjøtet, og ha det i ein bolle. Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong. Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt …