Billig mat, Fest, Kaker, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Påskekake til fjells


”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant?

Appelsinkake

200 g mjukt smør

2 dl sukker

4 egg

1 appelsin

1 1/2 ts bakepulver

4 dl mjøl

1/2 dl appelsinjuice

4-5 ss appelsinjuice til dynking

Glasur:

2,5 dl melis

4 ss appelsinjuice

Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer skalet i strimlar. Fjern gjerne litt av det kvite, viss det er veldig tjukt.

Vend skalet i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert.

Press ut appelsinsafta av fruktkjøtet, og ha det i ein bolle.

Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong.

Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt rund eller avlang form på ca. 1,5 liter. Steik kaka i ca. 50 minutt.

Dynk kaka med nokre skeier appelsinjuice medan den framleis er varm, og la den kolne.

Bland saman melis og 4 ss juice til glasur, og brei det over kaka. Juster med melismengda om den blir for tjukk eller tynn. Pynt med appelsinskal.

5 Comments

  1. Idun says

    Nesten sånn kake laga eg i dag – fann ei liknande oppskrift på nett! Hadde ikkje tørka appelsinskal på , men det var ein god ide. Dynka med ei blanding av sitron og appelsinsft og fekk min formkakehatande mann ( han har vonde minne om tørre sitronkaker frå barndommen ), til å innrømma at den var god.
    Noko heilt anna Amirage Givenchy – kan du seia noko om den dufta? for «søt» for meg… skjønar eg skulle vore med på sniffekurset ditt, men det lukta jo godt då?

    Likar

  2. Denne laga eg i påska, men glutenfri! Bytta ut vanlig mjøl med glutenfritt mjøl (Toro-pose). Glasuren blei rosa, til jentungens store glede. Det var berre blodappelsiner i hus. Men det gjekk bra det, sjølv om rosa glasur mot gul kake kanskje ikkje var heilt estetisk. Appelsinpynten blei veldig beisk, så den droppa vi. Kaka blei servert till kaffe for 10 personar, og min far (av den tradisjonelle vestlandstypen på over 70) spurte 2 gonger om dette verkeleg var ei kake utan mjøl i. Den var jo god! Verkeleg god! Det var ingenting igjen på fatet til slutt!

    Likar

  3. Idun: Amarige syns eg er god – på andre. Den er litt fruktig, det er nok det du oppfattar som søtt, kombinert med vanilje i basen. Den har to no-no’s for meg, fiol og tuberose, men begge er ganske dempa. Det er ei velkomponert, vaksen duft som mange oppfattar som tiltalande og spennande.

    Så flott, Syrin! Flott at det vart suksess.

    Likar

  4. Tilbakeping: Maikaker « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s