All posts tagged: påske

Saftig sjokoladekake med appelsin


Det er fint med jul, men eg trur faktisk påska er mi favoritthøgtid. Det lysnar, det spirer og gror ute, og vi kan ha late dagar med gode bøker, ein kopp te og vennar på besøk. Og når du først får besøk er det jo triveleg å by på noko godt. Denne kaka er ei skikkeleg festkake, og du kan pynte den som du vil. Eg har hytte nær ein godterifabrikk, og det ber kaka mi preg av. Eg vil ikkje seie at eg gjekk berserk då eg handla inn, men kanskje litt? Uansett, det gjer at kaka blir fristande for både store og små, og ingenting er så stas som glade gjestar rundt bordet.  Denne kakerøra er emulgert, det vil seie at du piskar egga inn i smøret, og på den måten får feitt og væske til å binde seg. Den metoden gir ei saftig og holdbar kake, som godt toler å takast fram to-tre dagar på rad viss det er restar igjen. Dra plast over fatet når gjestane har forsynt seg, så blir …

Smågodt til påska


Smågodt kan vere noko anna enn det du puttar i påskeegget. Det kan like gjerne vere smårettar som er enkle å lage, og som gir variasjon i den tradisjonelle påskemenyen. Eg har leika med meg egg, og laga gode ting som du kan ha på ein buffé, eller i tillegg til ost og skinke på frukostbordet. Det kan kome vel med viss du får gjestar i påska. Det er noko eige med helgefrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like. I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, sennep og chili. Ikkje ver redd for chilien, dei andre ingrediensane er så milde at chilien gir eggesalaten litt punch, utan at den vert overveldande. Husk at chili er mildare dess større den er. Små chiliar kan vere heilt vilt sterke. Så tilpass mengda til chilistorleiken, …

Påskemat


No i påska er det koseleg å samlast rundt eit bord med gode vener og gode rettar. Når ein har fri kan maten gjerne ta litt tid å lage, det viktigaste er at det ikkje er for komplisert, og at ein har tid til å gjere hyggelege ting innimellom. Og sjølvsagt må maten smake godt og gjer alle rundt bordet glade. Eg let meg ofte inspirere av råvarer, og ikkje minst råvarer som må etast, fordi dei held på å avgå ved døden. Må noko etast fort så kjem eg opp med dei artigaste kombinasjonar, og ofte blir det veldig bra. Denne gongen var inspirasjonen ein pose raudbeter som hadde lege for lenge, og ein salmalaks som holdt på å gå ut på dato. Kva gjer ein då? Vel, eg sjekka kjøleskapet, og fann ut at eg hadde chevre, løk og reddikar liggande, og når sant skal seiast sang reddikane også på siste verset. Men i ein salat gir dei ein deilig sprø og bitter smak, perfekt i kombinasjon med den jordprega smaken av raudbeter …

Påskekake til fjells


”Jeg trenger oppskrift på appelsinkake”, var meldinga frå påskefjellet. Eg skreiv ned oppskrifta i tre sms-ar, og sendte den avgarde. Tilbake kom biletet du ser til høgre, med appelsinkake i telemarksfjell. Fatet er Eystein frå Porsgrund. Flott, ikkje sant? Appelsinkake 200 g mjukt smør 2 dl sukker 4 egg 1 appelsin 1 1/2 ts bakepulver 4 dl mjøl 1/2 dl appelsinjuice 4-5 ss appelsinjuice til dynking Glasur: 2,5 dl melis 4 ss appelsinjuice Vask appelsinen godt. Skrell appelsinen i store stykke, og skjer skalet i strimlar. Fjern gjerne litt av det kvite, viss det er veldig tjukt. Vend skalet i sukker, og tørk det på bakepapir i steikeomnen på 100 grader til det er sprøtt og søtt. Du kan også koke appelsinskalet i sukkerlake, då vert det kandisert. Press ut appelsinsafta av fruktkjøtet, og ha det i ein bolle. Set omnen på 180 grader. Rør smør og sukker lyst og luftig. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom kvar gong. Ha i ½ dl appelsinjuice som du pressa frå appelsinen. Bland mjøl og bakepulver, og vend det i.  Ha kaka i ei smurt …