Billig mat, Fest, Mat, pålegg, salat, Veggis
Comment 1

Smågodt til påska


Smågodt kan vere noko anna enn det du puttar i påskeegget. Det kan like gjerne vere smårettar som er enkle å lage, og som gir variasjon i den tradisjonelle påskemenyen.

Eg har leika med meg egg, og laga gode ting som du kan ha på ein buffé, eller i tillegg til ost og skinke på frukostbordet. Det kan kome vel med viss du får gjestar i påska.

Det er noko eige med helgefrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like.

I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, sennep og chili. Ikkje ver redd for chilien, dei andre ingrediensane er så milde at chilien gir eggesalaten litt punch, utan at den vert overveldande. Husk at chili er mildare dess større den er. Små chiliar kan vere heilt vilt sterke. Så tilpass mengda til chilistorleiken, heilt enkelt.

_MG_2541Eggesalat

2 ss kremost

2 ss majones

1 ss kesam eller rømme

1/2 ss søt sennep, Bergeby-type

2 ts finhakka mild chili

1 ss finhakka raudløk

1 ss bostonagurk eller finhakka sylteagurk

4 egg

Kok egga i ti minutt. La dei kolne under rennande vatn.

Ha alt unntatt egga i ei skål, og bland det godt med ein visp. Smak til med salt og peppar.

Skrell egga, og del dei i ein eggedelar først eine vegen og så andre vegen i ein eggedelar, slik at dei vert hakka.

Bland eggehakket i kremen. Smak ein gong til om det trengst meir salt.

Eg brukte ein søtleg sennep, viss du brukar ein skarp type kan det hende salaten vil tene på ei lita klype sukker eller ei halv teskei honning. Smak til med meir salt og peppar viss det trengst. Server på rista brød.

 

Éin kommentar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s