All posts tagged: Egg

Påskerestar

Det slår ikkje feil, når høgtida er over er kjøleskapet framleis ganske fullt. Dels av restar, dels av ting vi berre handla for mykje av, eller ikkje fekk brukt opp. Hos meg kom det alt for mykje egg i hus denne påska. Både eg og han eg bur saman med handla egg, så då hopa det seg opp. Men det er jo ei smal sak å få brukt opp egg! Då lagar eg ein god omelett. Det blir alltid suksess. Noko anna eg hadde liggande att var varmrøykt laks. Det er ei utruleg fin råvare, full av smak, og så held den seg godt i kjøleskapet. Der eg brukar varmrøykt laks kan du like gjerne bruke varmrøykt makrell viss du har det, eller du kan bruke vanleg røykt laks. Finstrimla blir den varmebehandla i omeletten eller i paien, og gir den same, fyldige smaken. Saman med laksen er det alltid godt med litt grønsaker. Eg brukar det eg har, ulike typar løk, spinat, sukkererter, vanlege erter eller bønner, alt passar i ein omelett eller ein …

Smågodt til påska

Smågodt kan vere noko anna enn det du puttar i påskeegget. Det kan like gjerne vere smårettar som er enkle å lage, og som gir variasjon i den tradisjonelle påskemenyen. Eg har leika med meg egg, og laga gode ting som du kan ha på ein buffé, eller i tillegg til ost og skinke på frukostbordet. Det kan kome vel med viss du får gjestar i påska. Det er noko eige med helgefrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like. I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, sennep og chili. Ikkje ver redd for chilien, dei andre ingrediensane er så milde at chilien gir eggesalaten litt punch, utan at den vert overveldande. Husk at chili er mildare dess større den er. Små chiliar kan vere heilt vilt sterke. Så tilpass mengda til chilistorleiken, …

Piggsoppomelett

Egg er ei råvare som sopp går veldig godt overeins med. Du kan til dømes lage ein pasta carbonara med sopp i staden for bacon. I dag har eg laga ein omelett med piggsopp, der eg har supplert med vårløk, grøn paprika og urter. Det gjer at omeletten smakar friskt og grønt, sjølv om smørsteikt sopp er ein viktig ingrediens. Etter nokre ublide møte med svidd omelett i ungdommen har eg ein aversjon mot oversteikte omelettar. Difor likar eg omelettar som berre så vidt er stivna. Den kan godt vere som eggerøre, for min del. Likar du din godt steikt så er det berre å vere rausare med varmen. Piggsoppen er ein av dei artane som er lette å bestemme, på grunn av dei karakteristiske piggane. Dei er også grunnen til at eg ikkje brukar piggsopp i mørke sausar. Viss du er uheldig fell piggane av, og det ser ut som om du har kvite åmer i sausen, ikkje spesielt stilig. Men laga til som dette, raskt heilsteikte i smør, og så dryssa over ein …

Eggesalat med bacon

Egg og bacon er ein fin frukost, men viss ein ikkje har planlagt godt nok, og er mange til frukost, er det ikkje sikkert ein har nok til alle. Då kan du gjere som meg, og lage denne deilige eggesalaten med bacon i staden for den eksklusive steikte varianten. Då rekk tre-fire striper bacon og tre egg til ein heil familie. Eggesalaten er kjempegod på rista brød, og får ein lekker gulfarge utan karri. Eg brukte bacon i ferdige bitar, men du kan godt klippe bitar av baconstrimlar eller bruke omelettbacon. Denne salaten er også fin til fingermat, på bildet har eg lagt den opp på små bruscettaer. Då er den perfekt som eit tiltygg til eit glas kjøleg vin. Slik gjorde eg det: Eggesalat med bacon 3 egg, hardkokte 100 g finhakka bacon 8-10 sukkererter 5 skiver sylteagurk, finhakka 4 ss majones 1 ts provence-krydder 1/2 ts paprikapulver 2 ss sylteagurkkraft Grasløk eller vårløk om du har Salt og peppar Sprøsteik baconet, og set det til side. Del dei kokte egga på kryss og …