Fisk, Mat, Middag
Leave a Comment

Påskerestar

Det slår ikkje feil, når høgtida er over er kjøleskapet framleis ganske fullt. Dels av restar, dels av ting vi berre handla for mykje av, eller ikkje fekk brukt opp.

6F1E5B33-4EE9-4684-9A4C-CB12EF235719Hos meg kom det alt for mykje egg i hus denne påska. Både eg og han eg bur saman med handla egg, så då hopa det seg opp. Men det er jo ei smal sak å få brukt opp egg! Då lagar eg ein god omelett. Det blir alltid suksess.

Noko anna eg hadde liggande att var varmrøykt laks. Det er ei utruleg fin råvare, full av smak, og så held den seg godt i kjøleskapet. Der eg brukar varmrøykt laks kan du like gjerne bruke varmrøykt makrell viss du har det, eller du kan bruke vanleg røykt laks. Finstrimla blir den varmebehandla i omeletten eller i paien, og gir den same, fyldige smaken.

Saman med laksen er det alltid godt med litt grønsaker. Eg brukar det eg har, ulike typar løk, spinat, sukkererter, vanlege erter eller bønner, alt passar i ein omelett eller ein pai. I omeletten brukte eg også finsnitta soltørka tomatar, den smaken passar veldig godt med laksesmaken. Litt ost er også godt, pass på at den er nedi eggestanden, ikkje berre på toppen.

Når eg lagar omelett er det viktig at den ikkje vert så hardt varmebehandla. Eg er ikkje noko glad i hardsteikt egg. Eg let omeletten stå og godgjere seg på ganske låg varme, gjerne med eit lok på. Då stivnar den utan at den vert svidd, og du får den luftige konsistensen. Løft gjerne litt på eggemassen slik at det på toppen som ikkje har stivna renn ned i panna.

Med ein frisk salat til er denne omeletten perfekt laurdagskos, og dei passar også fint til ein mettande kvardagslunsj. Ha ei fin helg!

Omelett med varmrøykt laks (4 personar)

2 sjalottløk

Smør til steiking

5-6 filetar soltørka tomat

100 g sukkererter

2 vårløkstilkar

200 g laks eller makrell

8 egg

1 dl mjølk

1 ts salt

Ei klype kvit peppar

½ ts dill

½ ts basilikum

50 g riven ost, jarlsberg eller norvegia

Rens og finsnitt sjalottløk, vårløk og sukkererter. Skjer tomatane i tynne strimlar.

Rens fisken, og fordel den i ganske små bitar.

Knekk egga i ein bolle, og pisk inn mjølk, salt, peppar og krydder.

Varm opp smøret i ei steikepanne på middels varme, og fres den finhakka sjalottløken blank. Ha i sukkererter, vårløk og soltørka tomatar, og la det frese i ca. eit minutt. Sukkerertene skal framleis vere sprø. Slå på eggeblandinga. Dryss osten over omeletten, og fordel fisken i panna. Rist litt på den, før du skrur ned varmen og legg loket på. La panna stå på låg varme i ca. 10 minutt, til eggeblandinga har stivna. Vend på eggemassen no og då, for å sikre at alt stivnar.

Server omeletten med godt brød og ein frisk salat til.

391C738B-8BC1-4B47-8438-66830740E733

Omelett med varmrøykt laks, sukkererter og soltørka tomatar

Leave a Reply