Billig mat, Mat, Veggis
Leave a Comment

Piggsoppomelett

Egg er ei råvare som sopp går veldig godt overeins med. Du kan til dømes lage ein pasta carbonara med sopp i staden for bacon. I dag har eg laga ein omelett med piggsopp, der eg har supplert med vårløk, grøn paprika og urter. Det gjer at omeletten smakar friskt og grønt, sjølv om smørsteikt sopp er ein viktig ingrediens.

Etter nokre ublide møte med svidd omelett i ungdommen har eg ein aversjon mot oversteikte omelettar. Difor likar eg omelettar som berre så vidt er stivna. Den kan godt vere som eggerøre, for min del. Likar du din godt steikt så er det berre å vere rausare med varmen.

IMG_0584Piggsoppen er ein av dei artane som er lette å bestemme, på grunn av dei karakteristiske piggane. Dei er også grunnen til at eg ikkje brukar piggsopp i mørke sausar. Viss du er uheldig fell piggane av, og det ser ut som om du har kvite åmer i sausen, ikkje spesielt stilig.

Men laga til som dette, raskt heilsteikte i smør, og så dryssa over ein god omelett, er dei veldig gode.


Piggsoppomelett

200 g rensa piggsopp

4 egg

½ dl mjølk

½ grøn paprika

1 stilk vårløk

Salt og peppar

Smør til steiking

Del soppen opp i passe store bitar, skjer vårløken i ringar og kutt paprikaen i bitar. Varm ei steikepanne godt opp, og ha smør i panna. Steik soppen gyllen og fin i smøret på relativt høg varme, og ta den ut av panna. Sett til side, og hold den varm. Skru ned varmen, og legg i paprika og vårløk. La det stå litt og blir varmt, men ikkje ”steikt”.

Visp saman egg, mjølk, salt og peppar. Slå det over grønsakene, og la det stå til omeletten er stiv. Dryss på soppen, og server omeletten med godt brød til.

Leave a Reply