Fest, Veggis
Comments 3

Påskemat


No i påska er det koseleg å samlast rundt eit bord med gode vener og gode rettar.

Når ein har fri kan maten gjerne ta litt tid å lage, det viktigaste er at det ikkje er for komplisert, og at ein har tid til å gjere hyggelege ting innimellom. Og sjølvsagt må maten smake godt og gjer alle rundt bordet glade.

Eg let meg ofte inspirere av råvarer, og ikkje minst råvarer som må etast, fordi dei held på å avgå ved døden. Må noko etast fort så kjem eg opp med dei artigaste kombinasjonar, og ofte blir det veldig bra. Denne gongen var inspirasjonen ein pose raudbeter som hadde lege for lenge, og ein salmalaks som holdt på å gå ut på dato.

Kva gjer ein då? Vel, eg sjekka kjøleskapet, og fann ut at eg hadde chevre, løk og reddikar liggande, og når sant skal seiast sang reddikane også på siste verset. Men i ein salat gir dei ein deilig sprø og bitter smak, perfekt i kombinasjon med den jordprega smaken av raudbeter og den feite, gode smaken av chevre. Her kan du også bruke norsk kvit geitost, dei har kome i ulike variantar i det siste, og passar heilt perfekt til raudbeter. Tine sin variant heiter Haukeli, finn du den i butikken så ta den med heim og putt den i salaten.

Eg ville ha med noko søtt og, og heldigvis hadde eg ei nesten umoden pære liggande. Den fekk også vere med i salaten. Eddiken eg brukar er nesten ikkje ein eddik, eg brukar kvit balsamico. Den er veldig god, ganske søt, men frisk i smaken. Finn du den ikkje, så bruk 1 ss eplecidereddik blanda ut med 1 ts honning.

IMG_6609Salat med raudbeter og chevre

To raudbeter

Blanda salat, lollo rosso og issalat er ein god kombinasjon

100 g chevre utan skorpe

Eit knippe reddikar

Ei pære

3 ss limesaft

1 ss kvit balsamico

Salt og peppar

Kok raudbetene i rikeleg med vatn i ca. 50 minutt til dei er møre. La dei kolne på benken, og skrell dei med ein skarp kniv. Fordel salatblada utover eit vidt fat. Skjer reddikane i fire, og fordel dei over. Skrell pæra, og fjern kjernehuset. Kutt fruktkjøtet i fine terningar. Ha dei over salaten.

Kutt raudbetene i terningar, og dryss over salaten. Del chevre-osten i omtrent like store terningar som pæra. Er den veldig mjuk og fersk, kan du også berre smuldre den over. Til slutt ringlar du over limesaft og balsamico, og drysser på litt salt og peppar. Lag salaten like før de går til bords, pærene er ikkje så glade for å vere i friluft i oppkutta tilstand.

Laksen syltar eg i eplejuice og eddik, og serverer med ein urtekrem. Du kan legge urtekremen på fatet, eller ha den i ei skål ved sidan av.

Urtekrem

2 ss gresk yoghurt

2 ss kremost naturell

1 ts tørka dill

1 ts tørka grasløk

Ei klype salt

1 ts honning

Rør alt saman i ei skål, og sett til side.

IMG_6610Eplesylta laks

800 g salmalaks

3 dl eplejuice

1 gul løk

1 ss sukker

2 ts salt

2 ss 7% eddik

Sett omnen på 60 grader.

Skrell løken, og skjer den i båtar. Kok opp eplejuicen med eddik, sukker, salt og løken.

Skjer laksen i passe store bitar, ca. 3×3 cm. Legg laksebitane i ei ikkje for stor eldfast form, og slå på laken. La det stå i 30-35 minutt, til laksen har ein kjernetemperatur på ca. 53-55 grader. Ta laksen ut, og la den kolne i laken. Dette kan du gjerne gjere dagen før. Legg laksen opp på eit fat saman med løken, som også blir sylta med denne framgangsmåten. Server laksen med urtekrem og godt brød.

IMG_6617

3 Comments

  1. Tilbakeping: Øl i maten | Alt godt

  2. Lovise says

    Hei!
    Jeg har prøvd mange av oppskriftene dine og liker at du gjør ting enkelt. Jeg stusser imidlertid litt på tilnærmingen din til råvarer. Du skriver ofte, prisverdig nok, om hvordan man bruker rester, at det er viktig å ikke kaste mat, at ressurser er kostbare og vi må gjøre det beste ut av det vi har i kjøla. Alt dette er jeg helt enig med deg i og hyller deg for din ressursøkonomiske sans.
    Men så var det din framstilling av råvarer og særlig kvaliteten på disse. Når råvarer er i ferd med å skjemmes og har blitt tydelig forringa (dvaske salater, reddiker som synger på siste verset, jamfør innlegget over) er det for meg åpenbart at resultatet av matlaginga blir dårligere enn om du opererte med friske, spretne grønnsaker og fisk som strutta av kraft.
    Jeg mener ikke at det er slik at råvarer som har gått ut på dato nødvendigvis er dårlige. En må se, lukte og kjenne sjøl. Mye går an å bruke. Men min ringe erfaring er at en salat blir bedre med ferske råvarer, enn med reddiker som synger på siste verset.
    Hva mener du?

    Likar

    • Det er sjølvsagt best med gode, friske råvarer. Men likevel blir det redningsaksjonar med jamne mellomrom på mitt kjøkken. Det heng utelukkande saman med mi eiga utilstrekkelegheit når det gjeld å tilpasse innkjøp til planlagd meny, og å få brukt opp det eg har i skapa. Eg let meg ofte inspirerast i matbutikken, og har ein tendens til å ta med meg for mykje. I tillegg tek eg meg med jamne mellomrom ein runde i kjøleskapet på leit etter ting som bør spisast opp. kan hende har det fått litt for stor plass i blogginga mi, eg veit ikkje. Takk for tilbakemelding!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s