Saftig sjokoladekake med appelsin
Det er fint med jul, men eg trur faktisk påska er mi favoritthøgtid. Det lysnar, det spirer og gror ute, og vi kan ha late dagar med gode bøker, ein kopp te og vennar på besøk. Og når du først får besøk er det jo triveleg å by på noko godt. Denne kaka er ei skikkeleg festkake, og du kan pynte den som du vil. Eg har hytte nær ein godterifabrikk, og det ber kaka mi preg av. Eg vil ikkje seie at eg gjekk berserk då eg handla inn, men kanskje litt? Uansett, det gjer at kaka blir fristande for både store og små, og ingenting er så stas som glade gjestar rundt bordet. Denne kakerøra er emulgert, det vil seie at du piskar egga inn i smøret, og på den måten får feitt og væske til å binde seg. Den metoden gir ei saftig og holdbar kake, som godt toler å takast fram to-tre dagar på rad viss det er restar igjen. Dra plast over fatet når gjestane har forsynt seg, så blir …