All posts tagged: hveteboller

Rosebollar


Men kva skal eg gjer med den andre halvdelen av deigen? spurte venninna mi, ho hadde laga dei klissete og deilige karamellsnurrane mine laurdag ettermiddag. Den kan sjølvsagt brukast på same måte som du elles ville ha brukt søt gjærdeig, til ei lita kringle, åtte-ti bollar, eller du kan gjere noko meir forseggjort. Eg laga rosebollar! Slik gjer du det: Basisdeig for bollar 3 dl mjølk Ein pakke gjær for søte deigar   1 ts salt 8-9 dl kveitemjøl 1 dl sukker 1 ts malt kardemomme Eit egg 100 g smør Varm forsiktig opp mjølka i ei tjukkbotna gryte til den er fingervarm. Det skal verken kjennast varmt eller kaldt når du stikk fingeren nedi. Ha mjølka i bakebollen. Brukar du fersk gjær, så smuldrar du den i mjølka, viss du har tørrgjær har du den i saman med mjøl og sukker. Ha i mjølet litt og litt, saman med sukker, salt og kardemomme. Knekk egget i ein kopp, og elt det inn. Ha i mjøl til deigen er ganske fast. Til slutt eltar du …

Når er fastelaven i år då?


Det slår ikkje feil, eit stykke ut i januar kvart år får eg masse søk i bloggen på når fastelaven er. Så for å gjere det enkelt så seier eg det her og no: Fastelaven i 2012 er søndag 19. februar. Så du har god tid til å førebu deg med å lage ris og handle inn fersk gjær til søte deigar for å produsere dei aller beste fastelavensbollane. Før fastelaven skal ein ete feit og god mat, her har du Heidi sine oppskrifter, mellom anna på rømmegraut og bollar. Eg har forska ein del på bolleoppskrifter, og prøvd å finne den varianten som gir både luftige og smakfulle bollar. Denne oppskrifta er den beste til no. Så viss du no vert freista til å gjere nokre prøvebakingar for å sikre kvaliteten på den endelege fastelavensbaksten, så har du tid til det. Ha ein fin torsdag!