Billig mat, Fest, Noko søtt
Comments 6

Når er fastelaven i år då?


Det slår ikkje feil, eit stykke ut i januar kvart år får eg masse søk i bloggen på når fastelaven er.

Så for å gjere det enkelt så seier eg det her og no: Fastelaven i 2012 er søndag 19. februar. Så du har god tid til å førebu deg med å lage ris og handle inn fersk gjær til søte deigar for å produsere dei aller beste fastelavensbollane.

Før fastelaven skal ein ete feit og god mat, her har du Heidi sine oppskrifter, mellom anna på rømmegraut og bollar.

Eg har forska ein del på bolleoppskrifter, og prøvd å finne den varianten som gir både luftige og smakfulle bollar. Denne oppskrifta er den beste til no.

Så viss du no vert freista til å gjere nokre prøvebakingar for å sikre kvaliteten på den endelege fastelavensbaksten, så har du tid til det. Ha ein fin torsdag!

6 Comments

  1. Oppskrifta er svært lik den eg bruker når eg lagar deig i brødbakemaskina, men eg bruker ikkje bakepulver. Er det nødvendig når ein har raud gjær, trur du?
    Eg merkar i alle fall stor skilnad på gjærtypane, fersk raud gjær gir dei luftigaste bollane.

    Likar

  2. Tilbakeping: -Og når er morsdag i 2012? « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s