Dette er mine favorittbrød, dei er fulle av smak, saftige og held fasongen når eg skjer dei i skiver.
Eg bakar brøda i form, då er dei lettare å handtere, og å skjere opp. Om du får tre eller fire brød av denne oppskrifta avheng av kor store former du har. Mine brødformer er vel blant dei største som du får tak i, og då får eg tre brød. Du kan også bake desse i langpanne, då kan du lett få fire brød ved sidan av kvarandre, viss ikkje langpanna er altfor stor.
Desse brøda er veldig fine å fryse. Vi er berre to heime, så eg delar dei i to, og så tek vi opp eit halvt brød i slengen. Det tinar på benken over natta, så har vi godt brød til frukosten.
Slik gjer du det:
25 g gjær eller ein halv pakke tørrgjær
1,6 liter vatn
200 g havregryn
2 dl linfrø
2 dl solsikkefrø
2 dl graskarfrø
1 ss honning
1 ss salt
750 g grov sammalt kveite
Ca. 1-1,3 kg kveitemjøl
Smuldre gjæra i bakebollen, og hell i vatnet. Ha havregryn, frø og honning i bollen. Elt inn det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La deigen heve til nær dobbelt storleik, det tek ca. 40 minutt.
Del deigen i tre eller fire og form brøda. Smør langpanna di eller formene, og legg i eit og eit brød. Smør mellom brøda viss du brukar langpanne, slik at dei vert lette å ta frå kvarandre. Gi brøda ikkje altfor djupe, skrå snitt. Det gjer at dei hevar seg fint, og du slepp at skorpa «veltar av».
Set omnen på 210 grader. La brøda etterheve godt. Sett dei inn i omnen, og kast eit lite glas vatn inn i omnen for å få god damp. Steik brøda i 10 minutt, før du slår varmen ned til 180 grader. Steik dei til dei er ferdige, totalt 45-50 minutt. Bank på dei, dei skal ha ein hul lyd når dei er ferdige. Er lyden slapp, så la dei få nokre minutt til. Har du steikt brøda i form, så ta dei ut av formene, og la dei steike i ti minutt utan form til slutt. La dei kolne på rist.
Har du brukt langpanne, så la brøda skli over på rista medan dei framleis heng saman, og del dei frå kvarandre når dei har kolna noko. Sit brøda fast i formene, så la dei stå eit kvarters tid før du prøver ein gong til. Då løsnar dei som regel.