All posts tagged: hjemmebakt brød

Grovbrød med frø

Dette er mine favorittbrød, dei er fulle av smak, saftige og held fasongen når eg skjer dei i skiver. Eg bakar brøda i form, då er dei lettare å handtere, og å skjere opp. Om du får tre eller fire brød av denne oppskrifta avheng av kor store former du har. Mine brødformer er vel blant dei største som du får tak i, og då får eg tre brød. Du kan også bake desse i langpanne, då kan du lett få fire brød ved sidan av kvarandre, viss ikkje langpanna er altfor stor. Desse brøda er veldig fine å fryse. Vi er berre to heime, så eg delar dei i to, og så tek vi opp eit halvt brød i slengen. Det tinar på benken over natta, så har vi godt brød til frukosten. Slik gjer du det: Grovbrød med frø 25 g gjær eller ein halv pakke tørrgjær 1,6 liter vatn 200 g havregryn 2 dl linfrø 2 dl solsikkefrø 2 dl graskarfrø 1 ss honning 1 ss salt 750 g grov sammalt kveite …

Ball og ballebrød

Lagar du ball? Ja, eg veit det er eit sensitivt spørsmål. Mange kvinner som meg, med mødre som lagar verdas beste ball, har berre styrt unna denne middagen. Vi ynskjer oss ball til middag kvar gong vi skal heim til middag, altså til barndomsheimen. Resten av året et vi det ikkje anna enn på IKEA. Det er for gale. Det er heilt slutt på at torsdag er balldag, det er berre på Kaffistova det er slik lenger. Eg har lagd ball kanskje tre gongar på ti år. Alle tre gongane har dei kokt ut i kokevatnet. Sist eg lagde forma eg tjueto ballar, og eg fann att elleve. 50% svinn, altså. Men eg må innrømme at eg var slumsete, og hadde nok for lite mjøl i. Eg har lova kjæresten min og meg sjølv at no skal eg lage ball oftare. Då vert eg sikkert flink til å gjere det og. Husk på at det er på denne tida at potetene er på sitt beste til ball. Dei er ikkje så fuktige og ferske som …