Søt og salt sommarpai
Kva er betre enn ein saftig og smakfull pai? Den kan vere søt eller salt, eller du kan lage begge to variantar. Eg har vore ute og plukka bær i dag, og planen var å lage ein dessertpai med sprø topping av kvit sjokolade. Då eg hadde laga den paien sto eg med deig til overs. Kva gjer du då? Lagar pai til middag og! Eller til ein lett lunsj, om det er tidleg på dag. Paideig er fort gjort å lage, særleg viss du har ei matmølle. Det fine med denne varianten er at den kan brukast både søt og salt, og når du har byrja på deigen kan du ta av litt smør- og mjølblanding til den sprø toppingen. Smart, ikkje sant? Både søt og salt pai kan varierast i det uendelege. Den søte paien kan lagast med eple, plommer, aprikosar eller rabarbra, om du har i frysaren. Du kan også lage eit karamellfyll som du har hakka nøtter i. Den salte kan lagast med berre ost og grønsaker, med røykt fisk eller …