Her for ei stund sidan lagde eg ein pai med dei aller siste epla som bror min hadde att i hagen. Her kasta ein ingenting, så det vart donert til meg, dei meinte vei at eg var den einaste som klarte å få noko ut av dei.
Med ein fortreffeleg epleskrellemaskin som eg har skaffa meg klarte eg å skjere tynnare og finare epleskiver enn eg nokon sinne før har klart. Du kan lage denne paien med eple frå butikken og, sjølvsagt. Grøne Granny Smith-eple er veldig gode, Jazz eller Pink Lady og.
Paien er ein mørdeigspai med ein søt mørdeig smaksett med sitronskal. Fyllet er laga som ein fransk flan, altså ein slags pudding av kremost, egg, sukker og vanilje. Det gir ein lett og mild krem som er ein fin base for saftige, seine hausteple. Denne oppskrifta passar til ei relativt lita paiform, ca. 20 cm. Slik gjorde eg det:
120 g smør
250 g mjøl
50 g sukker
1 ts vaniljesukker
2 ss vatn
Sett omnen på 180 grader. Køyr i matmølle til det formar seg ein deigklump rundt kniven. Pakk den i plast og legg den i kjøleskapet. Etter ein time kjevlar du den ut, og legg den ned i forma.
Dytt deigen godt ut i alle kantar, og rull kjevlet over slik at du kuttar av overflødig deig.
Fyll:
300 g kremost
2 egg
75 g sukker
1 ts vaniljesukker
Fire eple, skrelt og i skiver
1 ts kanel
2 ss sukker
2 dl skiva mandlar
Skrell epla, fjern kjernehuset, og skjer eplekjøtet i tynne skiver. Pisk saman egg, kremost, sukker og vanilje. Hell fyllet i paiskalet, og legg epleskivene oppå. Dryss over samanblanda kanel og sukker, og ha på mandlane til slutt. Bak paien på 180 grader i 40-45 minutt, til epla er pent gylne og møre. Server paien med litt piska krem eller vaniljesaus.