Fest, Jul, Mat
Comment 1

Førjulstapas


Førjulstida er alltid travel, og juleborda byrjar tidlegare og tidlegare. Dei juleborda vi skulle på var unnagjorde før advent. Alle meiner at desember er så travel, så arrangementa vert lagt til november i staden. Det er bra, for då kan ein invitere på førjulstapas i desember.

Kunsten med slike samkomer er å gjere det enkelt. Vi serverte champagne og gløgg, og eplemost til dei som køyrde. Matlaginga gjekk fort, og ein kan til og med invitere gjestane til å vere med på den. Skriv oppskriftene på kvar sitt ark, og gi gjestane kvart sitt og råvarer når dei kjem, og så er maten ferdig før du veit ordet av det, utan for mykje stress. Ein delegert fest, som eg er så glad i.

Starten på denne festen var eit fenalår som vi salta sjølve, og hengde til tørk. Det er eit fint utgangspunkt, og det gjer at ein kan bruke både skiver av ulik tjukkleik, og bitar av fenalår. Til potetene brukte vi ganske tjukke skiver som vi skar i porsjonsbitar, og til salaten brukte vi små terningar som vi steikte i omnen til dei vart sprø. Du kan også bruke skiver av fenalår frå butikken, men sidan dei ofte er tynne så vert det ikkje sjåande heilt likt ut. Skulle du få eller kjøpe eit heilt fenalår er det perfekt for denne tapasbufféen.

Potetlefser er alltid lettvint å ty til, dei kan fyllast og rullast til fine lefserullar. Denne gongen brukte eg dei store, firkanta som du finn i butikkane før jul. Då vert lefserullane jamnt store, og du får mindre svinn enn med potetkaker. Eg lagde to variantar, ein med røykalaks og ein med ribberull. Får du ikkje tak i store, firkanta potetlefser kan du bruke Vestlandslefsa, som du bløyter etter instruksjonane på pakken. Slik gjorde eg det:

Lefsebuss med ribberull

Tre store potetlefser

To pakkar ribberull

3 ss sterk sennep

3 ss majones

Ein neve ruccola

Litt hakka grasløk

Legg lefsa på ei fjøl. Bland saman sennep og majones, og smør det på lefsa. Likar du ikkje sterk sennep kan du bytte den ut med ein mildare type.

Legg på ribberull, og dryss på ruccola og finhakka grasløk. Ribba kan også byttast ut med julesylte, skinke eller tynne skiver av fenalår.

Rull lefsa tett saman, og skjer den i centimetertjukke skiver. Stikk ein tannpirkar utan mentolsmak i kvar skive, og sett dei på eit fat.

IMG_5004 kopiLefsebuss med røykalaks

2 store potetlefser

300 g røykt laks av god kvalitet

To esker snøfrisk

3 ss mjølk

Finhakka dill, spar nokre duskar til pynt

2 ss sylta sushi-ingefær

Legg lefsa på ei fjøl. Bland saman snøfrisk, finhakka dill og mjølka i ein bolle, og rør det glatt. Du kan bytte ut snøfrisk med andre typar kremost.

Skjer laksen i tynne skiver, og fordel den over to lefser. Legg ei stripe med sylta ingefær på kvar lefse, og rull lefsa tett saman. Skjer den i skiver, og hald kvar skive saman med ein tannpirkar. Sett på fat, og pynt med dillkvastar.

IMG_5006 kopiAmadinepoteter med spekeskinke og urtekrem

800 g amadinepoteter

200 g fenalår

To nevar grovt salt

1 beger creme fraiche

½ ts salt

2 ss hakka fersk grasløk, eller 2 ts tørka

Kok opp vatn i ein kjele, og ha i to nevar grovt salt. Kok potetene i 15 minutt, hell av vatnet og la dei dampe tørre.

Pisk creme fraiche stiv, den blir til krem etter nokre minutt. Smak til med salt og grasløk. Har du ikkje creme fraiche kan du bruke seterrømme på same måte. Ha urtekremen i ei fin skål.

Del potetene i to, og sett dei med snittflata ned. Tre ein bit fenalår på ein tannpirkar, og sett den ned i poteten. Still alle på eit fat, og sett skåla med urtekrem i midten.

IMG_5000 kopiNorsk sashimi med sennep og akevittgelé

400 g lakseloin av sashimikvalitet

50 g grov sennep

50 g akevittgelé

Salt

Saft av ein halv lime

Skjer laksen i skiver, og fordel skivene på eit fint fat. Press over safta av ein halv lime, og dryss på salt etter smak.

Legg ein liten klatt sennep på kvar fiskebit, og litt akevittgelé oppå der igjen.

Salat

400 g blanda salat

Ein boks cherrytomatar

Ein halv gul løk

2 dl vineddik

100 g fenalår, finhakka

Skjer løken i tynne skiver, og legg den i eddik. Dette bør gjerast minst ein halvtime før, eller du kan gjere det dagen før.

Legg fenalårbitane på eit bakepapir på ei steikeplate, og sett den i omnen på 200 grader i 8-10 minutt til dei er aromatiske og sprø, og heile kjøkkenet luktar jul og våte ullsokkar. La dei kolne.

Legg salaten på eit vidt fat. Del opp tomatane, og dryss dei over. La den sylta løken renne av, ta vare på eddiken. Fordel den over salaten saman med fenalårterningane.

Bland eddiken med to-tre spiseskeier olivenolje, og smak til med ei teskei honning. Rist saman, og server vinaigretten til salaten.

This entry was posted in: Fest, Jul, Mat

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. bollefrua says

    Jeg fikk lyst til å komme på tapas til deg! Ser digg ut! 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s