Fest, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Vilt og godt – reinsdyrgryte

Har du jegarar i slekta? Vi er så heldige at kjøtstykke av elg og rein av og til kjem vår veg.  Det er like kjekt kvar gong.

Kjøtstykket eg fekk på benken i dag var ikkje så stilig, det var eit stykke lårsteik av rein som var vanskeleg å få fasong på. Så enden på visa var at eg skar kjøtstykket til grytekjøt. Det vert sjeldan feil, ikkje denne gongen.

Mange spør meg om kvar eg hentar inspirasjonen til å skrive om mat frå. Svaret er at det ofte er frå råvarer som eg finn, kjøper eller får. Ingenting inspirerer meg meir enn ein tur i grønsaksbutikken eller i ein velassortert kolonial. Eller ein tur i frysaren, som tilfellet var denne gongen. Skal du ha gjestar no på hausten så er det aldri feil å servere ei viltgryte.

Grytekjøt gir meg også sjansen til å ta fram favorittkjøkkentøyet mitt, trykkokaren. Med den lagar eg ei deilig gryte på under ein halvtime, og det som tek lengst tid er å skumme av krafta og å skjere opp grønsakene. Slik gjorde eg det:

IMG_4937Reinsdyrgryte

800 g grytekjøt av rein eller elg

2 store løkar

300 g kantarellar, traktkantarellar eller vanlege

Smør til steiking

2 dl kremfløte

1 ss roquefort

5-6 dl vatn

Salt og peppar

1 ts honning

4 einebær, tørka

Skyll og tørk kjøtbitane. Varm opp smør og olje i ei gryte, og steik kjøtet fort. Legg det over i trykkokaren, og slå på vatn. La det koke opp utan lok, og skum av proteinstoff som måtte danne seg på toppen. Ha i knuste einebær, to små ts salt og legg på loket. La det koke i 20 minutt i trykkokar, eventuelt 1,5-2 timar i vanleg gryte.

Rens løk og sopp, og skjer løken i passe store bitar. Del opp dei største soppane.  Ha smør i ei steikepanne, og steik soppen gyllen. Ha i løk og litt meir smør, og la det surre til løken er mjuk.

Når kjøtet er kokt har du grønsakene oppi kjøtgryta saman med fløte og roquefortost. La det koke litt, og smak til med meir salt om det trengst, peppar og litt honning. Server med buljongkokte neper, rotmos og sylta graskar.

Rotmos

1 kg kålrot

3 poteter

1 persillerot

2 gulrøtter

2 ss smør

1 dl kremfløte

1 krm muskatnøtt, riven

Salt og peppar

Skrell grønsakene, og kutt dei opp i like store bitar. Kok grønsakene i salta vatn til dei er møre. Hell av vatnet, og ha fløte, smør og muskat i gryta. Mos grønsakene med ein stavmiksar eller ein stappar, og smak til med salt og peppar.

Leave a Reply