All posts tagged: elgkjøt

Vilt og godt – reinsdyrgryte

Har du jegarar i slekta? Vi er så heldige at kjøtstykke av elg og rein av og til kjem vår veg.  Det er like kjekt kvar gong. Kjøtstykket eg fekk på benken i dag var ikkje så stilig, det var eit stykke lårsteik av rein som var vanskeleg å få fasong på. Så enden på visa var at eg skar kjøtstykket til grytekjøt. Det vert sjeldan feil, ikkje denne gongen. Mange spør meg om kvar eg hentar inspirasjonen til å skrive om mat frå. Svaret er at det ofte er frå råvarer som eg finn, kjøper eller får. Ingenting inspirerer meg meir enn ein tur i grønsaksbutikken eller i ein velassortert kolonial. Eller ein tur i frysaren, som tilfellet var denne gongen. Skal du ha gjestar no på hausten så er det aldri feil å servere ei viltgryte. Grytekjøt gir meg også sjansen til å ta fram favorittkjøkkentøyet mitt, trykkokaren. Med den lagar eg ei deilig gryte på under ein halvtime, og det som tek lengst tid er å skumme av krafta og å skjere …

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte. For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg. No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar. Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.  Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og …