Billig mat, Meksikansk, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 4

Er du klar?


I helga kjem eg til å kome med nokre oppskrifter som kjem til å kreve litt førebuing.

Så viss du vil vere med på moroa, så gjer slik eg gjorde: Ta ein pakke tørre, brune bønner, og skyll dei godt i eit dørslag. Ha dei i ein stor bolle, bønnene må ikkje fylle den meir enn halvfull.

Slå på vatn, og la det stå over natta. Om morgonen kan du la bønnene renne av i dørslaget. Ha dei i ei gryte, og slå på dobbelt så mykje vatn. Ha 1 ss salt, ein halv sitron delt i to og gjerne nokre kvistar timian om du har.

Når du har komt så langt er du klar til å bli med moroa. Eg kjem tilbake med to gryteoppskrifter som du kan bruke desse bønnene i. Men den enklaste oppskrifta kan du få her og no:

Opne eit glas pesto, og ha 4-5 ss i ei skål. Rør det ut med litt av kokevatnet frå bønnene. Vend det heile inn i ein passe stor porsjon med bønner, ca. 1/2 liter. Server som tilbehør til steikt kjøt eller ha det i ein salat.

4 Comments

  1. alltid klar for oppskrifter med bønner i! gleder meg til å lese mer. men saltet og sitronen – er det kokevannet; kommer ikke bønnepolitiet hvis man har salt i kokevannet til bønnene?

    Likar

  2. Bønnepolitiet må gjerne kome og ta meg, og så skal dei få smake på dei gode bønnene mine. I tillegg brukar eg kokesøet som kraft i ei gryte som du skal få oppskrift på på laurdag. Mmmm!

    Likar

  3. I enkelte kokebøker står det at ein ikkje skal salte før etterpå. Dette er visstnok fordi det er fare for at bønnene ikkje vert heilt gjennomkokt. Dette har eg aldri opplevd. Derimot har eg fått bønner som er kokt utan salt, som har vore fullstendig smaklause. Så mitt valg er enkelt, eg kokar dei heller litt lenger, og så smakar dei nydeleg. Har du eit anna forhold til salt enn meg kan du sjølvsagt vente med å salte.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s