Eg forsto plutseleg at eg ikkje har ei skikkeleg fiskegratengoppskrift her i bloggen. Det er jo ei skandale!
Vi er mange som har vakse opp på fiskegrateng, fiskebollar og liknande, og så lenge den er fri frå bein syns eg det er ein kjempegod middag. Når du lagar fisk til middag er det smart å koke litt ekstra fisk. Fiskegrateng er jo restemat, og då kan du bruke opp restane i ein grateng.
Eg likar å ha alle grønsakene, også potetene i gratengen. Det gjer eg enkelt ved at eg brukar ein pose frosen lapskausblanding, den inneheld poteter, selleri, gulrot og litt purre. Purre er godt i grateng, så det puttar eg i litt ekstra av. Droppar du lapskausblandinga så er det til dømes godt med erter i gratengen, i tillegg til purre. Om sommaren er det godt å ha i urter som persille, graslauk eller topplauk.
Bechamelsausen, som er det korrekte namnet på den enkle, kvite sausen kan piffast opp på forskjellige måtar. Muskat er eit vanleg krydder i kvit saus til fiskegrateng, og eg syns det er veldig godt i. Ein sprut sitronsaft gir eit ekstra løft, du kan også ha litt riven ost i sausen om du har.
Eg piskar ikkje eggekvite og har i, slik enkelte gjer. Eg fyller heller gratengen godt slik at den held fasongen, og så rører eg egga i smeten. Dette er ein grateng til fire personar. Slik gjer du det:
Fiskegrateng
3 ss smør
3 ss mjøl
8-9 dl mjølk
Ein buljongterning, helst grønsaksbuljong
Litt riven muskatnøtt
500 gram kokt, kald fisk
To egg
Ein halv purre
1 pakke frosen lapskausblanding
2 dl tørr makaroni
strøkavring
Litt ekstra smør til forma
Salt, sitronsaft og peppar
Sett steikeomnen på 200 grader.
Skyll purren og skjer den i skiver. Del fisken i passe store bitar.
Smelt smøret i gryta på ikkje alt for sterk varme. Rør inn mjølet og la det frese litt utan at det skiftar farge. Ha i mjølka, og rør godt. Sett opp varmen, og rør flittig medan sausen kokar opp. La sausen koke i 4-5 minutt medan du rører av og til. Smak den til med ein knust buljongterning, muskat, litt sitronsaft og eventuelt meir salt og peppar.
Kok makaronien i salta vatn etter oppskrifta på pakken. La den renne av, og sett den til side. Ta sausen av plata, og rør raskt inn egga. Vend inn fisken, purre, makaronien og lapskausblandinga.
Ha smeten over i ei smurd eldfast form, vi doblar oppskrifta og brukar ei lita langpanne når vi er mange. Strø over strøkavring, finknuste knekkebrød eller liknande. Legg nokre små smørklattar på toppen, og sett forma inn i steikeomnen. Steik gratengen i 40-45 minutt til den får ei fin, gylden overflate og byrjar å bli fast.
Server gratengen som den er, eventuelt med smelta smør på. Får du fiskegrateng til overs, så held den seg også godt i kjøleskapet to-tre dagar. Å lage to i slengen er også smart, har du aluminiumsformer så kan du putte den eine i frysen til ein dag då ting må gå kjapt.