All posts filed under: Blogging

Eg blir sett pris på!

Bloggaren c’est la vie har hatt ei bloggkåring, og eg er blant dei som blir sett pris på! Slikt gjer meg barnsleg glad. Reglane for denne kåringa er enkle: Lenk til den som ga deg prisen Besvar spørsmåla Gje prisen vidare til ti bloggarar. Det er vel overkomeleg? Her er spørsmåla: 1. Hvorfor startet du å blogge? Det var fordi eg las mange andre bloggar, og kjente sterkt at eg hadde lyst til å gjere det same. Eg har alltid skrive, og bloggmediet framsto som ein enkel og open måte å uttrykke seg på. Og eg har ikkje angra! 2. Hvilke blogger følger du? Eg følgjer bloggar som har eit godt og levande språk, som har tema som engasjerer meg og som har ei personleg stemme. Parfyme, hage, livet og kjærleiken ispedd litt politikk, det er vel ein ganske presis beskrivelse av mitt bloggleseliv. 3. Favorittmakeupmerke? Det må bli Estée Lauder. Spesielt mascaraene derfrå er veldig bra, og med eit lite «kit» derfrå finn eg alltid noko fint. 4. Favorittklesmerke? Der er eg enkel, eg …

Trinetrall – fram og tilbake er dobbelt så langt

Det er ikkje så greitt når ein uttalar seg friskt, og så blir det dårleg motteke, og så vil ein så gjerne at dei andre skal syns at ein er grei likevel, så seier ein  – tulla! Useriøst og flåsete, spør du meg. Men det verste, det er at dama kallar seg spesialist på sosiale medier. Tvi vøre, for ein spesialist. Snart kjem ho vel innom, blid og glad, og meiner eg berre snakkar om henne fordi eg vil ha trafikk i bloggen min. Jaja, det får stå si prøve.

Norsk nettleksikon og meg (via Ida Jackson)

Ida Jackson har fått ny jobb – og ny blogg! Supert, spør du meg. Les og bli klok. Jeg har fått jobb. Og det står om det i VG idag. Jeg har aldri hatt en jobb i hele mitt (korte) liv. Jeg har bare vært selvstendig næringsdrivende. Alle penger jeg har tjent, har kommet inn på kontoen på grunn av Virrvarr.net, Jenter som kommer og Sosiale medier-boka. (Til deg som er grisk og lurer: Det har vært mer penger i bloggen enn i bøkene.) Men nå har jeg altså fått jobb. I Norsk nettleksikon. Vet du ikke hva det er? Det er Store norske le … Read More via Ida Jackson

Eit meme

Fru Storlien hadde dette memet for nokre dagar sidan, og i dag låner eg det. 4 tv-program eg ser: Sex og Singelliv – ja, eg innrømmer det. Eitt par av venninnene mine meiner faktisk at eg «er» Samantha. Sjokkerande, men kanskje med eit snev av sanning i kortare periodar av livet mitt. CSI: Las Vegas er favoritten, New York nummer to og Florida er nederst på prioritetslista. Grey’s Anatomy: Eg heiar på Meredith og Derek, sjølv om det er tøft akkurat no. Downton’s Abbey: Eg elskar britiske kostymedrama, særleg når dei er så elegant gjort som her. Men kvifor berre fire episodar? Det er jo berre ein ond oppeggelse. Eg kjenner at eg er litt opprørt over det. 4 ting eg har gjort i dag: Trent, det skjer ikkje så ofte, men det følest godt. Sykla til og frå jobb på den nye, fine sykkelen min. Note to self: Kjøp piggdekk. I morgon. Lagd ein ganske god middag, med kyllingvingar, salat og ein god vinaigrette. Fjortenåringen lagde ein slags risotto til, som også vart god. …

La fornufta råde!

Eg har sagt det før: Gunnar Tjomlid er min helt. No er han i finalen i Tordenbloggen, og fortener at vi stemmer han fram. For meg er bloggen Unfiltered Perception ei oase av sunn fornuft, skepsis og grundig research om tema som det er alt for mykje tåkeprat om. Gunnar pillar ubegrunna påstandar frå kvarandre med velfortent hard hand. Difor fortener han å vinne Tordenbloggen 2010, syns eg. Avstemminga er open til i morgon, søndag 19. desember kl. 16. Stemmer i kommentarfeltet tel ekstra, og grunngjevne stremmer tel dobbelt. Fyr laus!

Walkout!

Mine faste lesarar er vel kanskje ikkje i målgruppa for dette, men eg er så stolt at eg må berre skrive om det likevel. Fjortenåringen har starta nettmagasin saman med vennegjengen sin! Dei har fått støtte frå Frifond, dei har kjøpt domene og dei publiserer over ein låg sko. Magasinet heiter Walkout, og rettar seg til ungdom mellom 12 og 30 hevdar dei. Eg syns dei er flinke, og viss du kjenner nokon i målgruppa kan du jo sende dei ei lenke, kanskje?

Eg er i tordenbloggen!

Stor stas! Eg er ikkje sikker på kven som har nominert meg, men eg er iallfall veldig glad for det. Viss du trivest her inne hos meg, og vil gje uttrykk for det, kan du gå inn hos Tordenbloggen og stemme på meg. Stemmer i kommentarfeltet tel ekstra, og viss det er som det har vore før, tel begrunna kommentarstemmer dobbelt. Takk! 🙂

Ida Jackson: Sosiale medier

Hvordan ta over verden uten å forlate huset er undertittelen på Ida Jackson/Virrvarr si nye bok. Dette er ei innføring i framvoksteren av sosiale medier, ho beskriv dei ulike variantane av sosiale medier og dessutan gir ho eit stort knippe tips og råd om korleis ein skal både oppføre seg i og handtere sosiale medier. Boka oppsto som ein reaksjon på medierådgjevarar av meir eller mindre solid kaliber som dukka opp i 2008/2009, og plutseleg var ekspertar og kunne selje timar på å fortelje folk kva sosiale medier var. Ida Jackson var blant dei som hadde vore med på dette sidan det oppsto. Det gjorde at ho i langt større grad enn mange andre har føresetnader for å seie noko om dette. Å ha ei handbok for å forstå sosiale medier er fint, men det er ikkje mest difor du bør kjøpe denne boka. (Du les jo allereie bloggar, då er du jo «på innsida». Boka er lesverdig først og fremst på grunn av Ida Jackson sitt medrivande, presise og levande språk, dei skarpe analysene …

Søkeordspoesi

Mine søkeord er ofte kjedelege, det er ei lang liste av oppskrifter, basically. Men her er ein del av dei: pikekyss Det er mogeleg du ikkje er ute etter marengs, men det er pikekyss med marengs du finn her. alt godt Det er meg, seier dei. syltaflesk Julemat som eg ikkje et. Eg er ei matpingle, det har eg sagt før. jordskokk Gjer at du prompar. Styr unna, med mindre du lever med folk som toler det. marengskake Deilig. Du finn ei oppskrift her. minestrone God og billig suppe. Ooops, no kom eg på at eg har ein boks med slik suppe i kjøleskapet. Må spisast fort. ekte mat andreas viestad Fin bok. partering av lam Dette er det Heidi som meiner noko om. prokrastinere Å utsette ting. Berre spør meg om dette, eg er ekspert. versailles barnevogn Hæ? Er det noko nytt dei har byrja med? zucchero parfyme Vanilje frå ende til annan. middag barn Dei et det meste, mos det viss dei ikkje vil ha det, så et dei det likevel. tage endersen …

Eit meme

Glamourbibliotekaren har henta fram eit gamalt meme, det har sikkert vore her i bloggen og tidlegare. Men eg diggar slikt uansett, så gamle meme blir som nye. Heng med! Dagens leppestift/lipgloss: Estée Lauder Michael Kors: Very Hollywood Dagens duft (parfyme/lotion/shampoo/hva enn du dufter av): Serge Lutens: Un Bois de Sepia Dagens sko: Clarks støvelettar i lyst skinn, kjøpt i Edinburgh sommaren 2005 Dagens smykker: Ein armani-ring og den fine swatch-klokka mi Dagens bok (altså den du leser nå): Er «mellom bøker», den siste eg las var Pinnsvinets eleganse. Siste avis du leste: Aftenposten i dag tidleg. (Vaksenpoeng tildelt meg av kjæresten min: Papiravis, fasttelefon og mange glas av same sort…) Siste cd du hørte på: Hilde Louise Asbjørnsen sin siste Siste film du så: Ein actionfilm med Tom Cruise ein søndagskveld Siste reise du var på (innenlands/utenlands): To og ei halv veke i Paris i august. I Norge: Klækken mandag til tirsdag denne veka. Siste nettsted du var innom før denne bloggen: Doffin… Siste te/kaffe du drakk: Ein pose Lipton Earl Grey og ein pose …

I’m beautiful!

-Og det er heilt sant, for fru Storlien har sagt det! Eg er i storfint selskap og, det forstår eg når eg ser dei andre ho har gitt prisen til. Vilkåret for å motta denne prisen er at eg fortel sju tidlegare ukjente ting om meg sjølv. Så meddelsom som eg er så har eg ikkje så mange løyndommar, men eg prøver meg: * Eg har ikkje bil, men av og til skulle eg ønske eg hadde. Men den må vere gratis, og det er veldig vanskeleg å finne har eg høyrt. * Eg er veldig glad i å treffe nye menneske. Dersom ei dame pratar i veg til deg på trikken eller i butikken, kan det vere meg. * Eg er usannsynleg gløymsk og distré. Sjølv om eg har passert førti legg eg att jakker (kvar er den kvite anorakken min?), mobiltelefonen eller handleposar på dei raraste plassar. Det verste er at eg stort sett har fått ting tilbake. Unntatt den anorakken, altså. * Eg ser skrivefeil. Av og til skriv eg feil sjølv, …

Styr unna twitter…

Til høgre her ser du ein knapp som fører deg til Alt godt på twitter, der du kan følge meg og mine meir eller mindre kloke utsegner. Men dropp det i dag. Det er eit virusangrep på Twitter as I type, og berre du fører pila over lenka så retweetar du viruset. Kom heller innom igjen i morgon, då har ekspertane sikkert klart å fikse problemet.

Min helt

Eg har ikkje så mange heltar i livet mitt, men Gunnar Tjomlid er ein av dei. Han skriv om mange spennande ting i bloggen sin, og er av grunnholdning skeptisk til luftige påstandar om det eine og det andre. Han stiller konsekvent kritiske spørsmål til folk som meiner dei har funne løysinga på gåtene livet byr på. Det står det respekt av. Gunnar Tjomlid har skrive ein artikkel i tidsskriftet til Humanetisk forbund, Fri Tanke. Der gir han ei metodisk og grundig innføring i kva det vil seie å tenke kritisk omkring medisinsk forskning, alternative behandlingsformer og meir eller mindre naturlege preparat som vert marknadsført som tidens løsen. Når noko er for godt til  å vere sant er det ofte det, og denne artikkelen forklarer kvifor. Kudos!

Matstell i tunge tider

Då Kjære gifta seg var eg fattig student, og hadde ikkje råd til så fin gåve. Dei fekk eit lite grafisk trykk som framleis heng i gangen deira. På det står det: De dagene da alt står på hodet er gode dager. Det siste halvåret har eg hatt mange dagar då livet ikkje har stått på hodet. Å bryte opp frå vande rammer er stritt, og sjølv om det skjedde i fredelege former er det tunge tak på så mange måtar. Eg har mange gongar gitt meg sjølv eit spark bak for å kome i gang med ting, og ofte har eg ikkje ein gong klart å gje meg sjølv sparket som skulle til. Dette gir seg mellom anna utslag i matstellet. Vi har ikkje ete dårleg mat, men bloggeverdig har den ofte ikkje vore. Eg kjenner på kroppen korleis slike omveltingar gjer at ein får mindre overskot og mindre krefter. Tunge tankar tek overhand, utan at det alltid visest her i bloggen. Bloggen har blitt fjerna over enkelte lister over matbloggar, heilt på sin …