Blogging, Bokmeldingar
Comments 3

Ida Jackson: Sosiale medier


Hvordan ta over verden uten å forlate huset er undertittelen på Ida Jackson/Virrvarr si nye bok.

Dette er ei innføring i framvoksteren av sosiale medier, ho beskriv dei ulike variantane av sosiale medier og dessutan gir ho eit stort knippe tips og råd om korleis ein skal både oppføre seg i og handtere sosiale medier.

Boka oppsto som ein reaksjon på medierådgjevarar av meir eller mindre solid kaliber som dukka opp i 2008/2009, og plutseleg var ekspertar og kunne selje timar på å fortelje folk kva sosiale medier var. Ida Jackson var blant dei som hadde vore med på dette sidan det oppsto. Det gjorde at ho i langt større grad enn mange andre har føresetnader for å seie noko om dette.

Å ha ei handbok for å forstå sosiale medier er fint, men det er ikkje mest difor du bør kjøpe denne boka. (Du les jo allereie bloggar, då er du jo «på innsida».

Boka er lesverdig først og fremst på grunn av Ida Jackson sitt medrivande, presise og levande språk, dei skarpe analysene hennar og humoren hennar.

I tillegg er boka på mange måtar eit kart over sosiale medier i Norge, og Ida har skaffa seg oversikt over svært mange bloggnettverk som ho presenterer og analyserer. Sosiale medier i Norge vert sett på både frå ein sosiologisk, psykologisk og politisk synsvinkel, og dei skarpe observasjonane til Ida imponerer meg.

Sjølv om Ida kjenner området ho skriv om svært godt, og dette området til dels kan vere ganske smalt og prega av stammespråk og internvitsar, så har ho (sikkert med god hjelp frå forlaget) klart å forklare dette feltet på ein veldig lettforståeleg måte. Lenkeapparatet og registeret bak i boka er omfattande, og ei gullgruve for dei som vil lære meir om dette, eller berre finne fine bloggar å lese.

Har du ambisjonar om å blogge sjølv, eller allereie gjer det er boka ei verktøykasse full av praktiske tips og råd som du garantert vil ha bruk for. Tipsa går både på språk, kjeldebruk, tekniske utfordringar og på korleis ein handterer lesarane sine når dei kjem. Det er fare for at det kjem til å ligge nokre eksemplar av denne under juletre som eg soknar til i år.

This entry was posted in: Blogging, Bokmeldingar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. «lesverdig først og fremst på grunn av Ida Jackson sitt medrivande, presise og levande språk»… Tviler ikke, jeg gleder meg til å lese boka! Og anmeldelsen var ikke verst på det området, den heller 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s