Å, så kjedeleg…
No er eg verkeleg fjortis her, eg kjedar meg. Jada, eg skal sette på musikk, og ta ein runde og rydde i huset, vi skal snart byte hus og alt det der, men akkurat no sit eg her og kjedar meg. Så då må vi finne på noko. Skal vi ta ein spørsmålsrunde? Alle bloggarar har det, no også her. Du skal spørje om det du vil, om matoppskrifter, hagetips, kva parfyme du burde prøve, strikkeoppskrifter (då vert du sendt vidare til Gryda eller Britt Åse) eller dei store spørsmåla i livet. Eg skal svare etter beste evne og skjønn. Kast deg utpå! Har du eit spørsmål eller tre til meg?