All posts filed under: Blogging

Ny utfordring!

Fru Storlien har utfordra meg, ho vil at eg skal fortelje noko om meg sjølv, ti ting for å vere presis. OK, eg går i gang. 1. Eg er medlem i Gramo. Det vil seie at eg har sunge på (faktisk fleire) CD-ar. Berre i kor, då. Mi solostemme finst ikkje på plate. 2. Eg er ein nysgjerrigper. Å finne ut av ting er noko av det morsomste eg veit. 3. I «gamle dagar» budde eg på sunnmøre, men det er 24 (!!!) år sidan eg flytta derifrå. 4. Eg syklar, uansett ver. Piggdekk er tingen. Eit atterhald: Meir enn 10 cm snø – då får den stå. 5. Eg les i rykk og napp, åtte-ti bøker på nokre veker, så ein pause på eit halvt år. 6. Ingenting vekker kjenslene mine som musikk. Gjerne trist, vakker musikk. 7. Då eg var fire år las eg flytande. Læraren min kom på besøk før skulestart, og fekk sjokk då eg låg på golvet og las Sunnmørsposten. 8. Eg er råkøyrar, råsyklar og råfotgjengar. Det er eit guds …

Dette tok ikkje heilt av…

Invitasjonen min til spørjerunde var ikkje nokon kioskveltar, sjølv om mange var innom her i går. Det er vel berre GundaM som har kome med eit skikkeleg spørsmål til meg, og det er slik: Da kommer jeg med et spørsmål; Hva parfyme vil du anbefale til meg tror du…? Må innrømme jeg liker bedre mannfolk parfyme enn dameparfymer. Før gikk jeg med Chanell men nå… Klem i natten til deg  Eg er også fascinert av herreparfymar, så eg har prøvd litt forskjellig. Du seier ingenting om kva for ein Chanel du har gått med før, det er så mange. Men i allfall: Dei herreduftene eg har presentert her i bloggen er Karl Lagerfeld Kapsule-duftene, Bulgari Black og Miller Harris Feuilles de Tabac.  Feuilles er vel teknisk sett ei unisex-duft. Felles for desse tre er at dei er av den orientalske, krydra, varme typen. Eg skal nemne to til, nemleg Calvin Klein Obsession for men og Chanel Egoïste. Obsession for men er det nok ikkje mange damer som går med, men Egoïste er ganske vanleg å bruke …

20 000! :D

Utruleg, i løpet av dagen passerer eg 20 000 besøkarar! Då eg passerte to vekers blogging lovte eg å svare på alle spørsmål eg fekk, og jammen fekk eg ein del. Kanskje kan eg få fleire no? Altså: Har du spørsmål som du trur eg kan svare på, så fyr laus, så skal eg gjere mitt beste. Bloggen handlar om mat, parfyme, musikk og hage, men eg har berre overfladiske kunnskapar på alle desse felta. Det hindrar meg ikkje å synse i veg, så spør, så får du vurdere om svaret er brukande!  

Spør så skal du få svar III

Søka som får treff hos meg er den morsommaste lesnaden eg finn i bloggen min. Og då kan eg sjølvsagt ikkje la vere å dele den med dokke. Her er dei siste tre dagane: Søndagsmiddag – Ja, det skulle du vel finne mykje av her. skikk og bruk – Gode råd om skikk og bruk har eg ikkje, bortsett frå at alminneleg sunn fornuft er eit bra utgangspunkt. Og at smørasjetten din står på di venstre side. Og at det ytterste bestikket skal brukast først. Ein er jo frå ein heim med klavér… oppskrifter for barn – Jepp, eigen kategori. kryddersmør til biff – Det er litt retro og usunt, men VELDIG godt med eit godt kryddersmør. Full støtte frå meg! alt godt blogg – Ja, så fann du fram i dag og. afrikansk mat – Eg er ingen ekspert, men lag ei ladning harissa, det er ein god start. Burka – Den einaste burkaen du finn her er frå Alexandria, og er på djupt vatn, bokstaveleg tala. narciso rodriguez parfyme – Den er deilig, …

Tagga? eg?

Britt Åse fann eit morosamt meme hos Kristine, og no kjenner eg meg tagga og. Sidan eg prøver å gjere dette ein smule undercover blir dette litt komplisert, men eg prøver. Reglar: Kvart svar må begynne med første bokstaven i navnet ditt.  Alle svar må vere riktige, ikkje finn på ord eller lyg. Om personen som taggar deg har same forbokstav i navnet sitt, får du ikkje bruke nokre av vedkomande sine svar. Du får heller ikkje svare med same ord to gonger, inklusiv ditt eige navn. 1. Kva heiter du? Gunda 2. Eit ord på fire bokstaver: Glad 3. Eit gutenavn:  Gisle 4. Eit jentenavn:  Gerd 5. Yrke: Gartnar 6. Farge: Grønn 7. Klesplagg: Genser (eg brukte laaang tid på å kome på noko så enkelt) 8. Mat: Gulost 9. Noko du har på badet: Gucci (berre ei lita prøve, men likevel) 10. Stad: Grimstad 11. Årsak for å komme for seint: Gateslagsmål (prøvde å avverge…) 12. Noko ein kan skrike:  Gåttesies! 13. Film: Good Will Hunting 14. Noko ein kan drikke: Grappa 15. Band: …

Spør, så skal du få svar II

I serien meir eller mindre spennande søk har vi kome til søka som fekk treff i min blogg 27. og 28. februar. Eg syns dette er morsomt, og det er tydeleg at det ligg ganske konkrete spørsmål bak søka. Sjansane for at alle desse skal kome attende hit er kanskje ikkje så store, men det er kanskje nyttig for dokke som stikk innom her meir regelmessig. Her er svara mine: oppskrifter billig mat – ja, det finn du nokre av her. Eg har ei kokebok i magen, trur eg. lasagne pose – Berre tøys. Kva treng du posen til? Å krydre sausen? timian, salt, peppar og ei klype sukker gjer susen. Kvit saus? Det må du berre lære deg. Det er like lett som å røre ut ein sausepose. pizza med artisjokkhjerte – Deilig. Skjer dei i tynne skiver, og kombiner med spekeskinke, tomatsaus og basilikum. gresk slat – Sjekk rettskrivinga di. Det er berre velvilje frå Google si side at du kom hit og fann oppskrift på gresk salat. Men det var vel det …

Spør, så skal du få svar I

Søk er morsomt. Her er søka eg fekk fredag. Det er mogeleg dette svaret kjem litt seint, men det kan hende mine faste lesarar kan ha glede av dei og? tomat jerngryte – Ja, men ikkje over lengre tid. Og oppbevar for all del ikkje mat over natta i ei jerngryte, uansett kva det er. Kok gjerne ein pastasaus i jerngryte, men kåkk å væ og bøff borginjong bør ikkje lagast i jerngryte, dei er så syrlege at eventuelle belegg inni gryta løsnar, og gir dårleg smak på det du lagar. alt det gode blog – Ja? Du kom dit du ville, forhåpentlegvis? børek oppskrift spinat 1 l olje – Dessverre, eg har ikkje kome så langt, men det er ein god idé for ein ny post. men er ikkje ein liter olje litt mykje? babaganoush oppskrift – Ja, det skal du snart få. *noterer* god og billig mat – Klikk på billig mat til høgre, der finn du ein del. Meir er i kjømda. steike biff – Ja, det kan eg. Og no kan sikkert du det …

Eg blir sett pris på…

No vart eg glad! Britt Åse i Hagen på hytta har gitt meg denne, og eg hoppar opp og ned av fryd. Eg kan gje den vidare og, og etter grundig ettertanke gir eg den til Dansebandmuseet, Snillehannesofie, GundaM, Den svenske mesteren og Sonja. Takk til Britt Åse!  

Free rice

Er du klar for noko vanedannande? -Og velgjerande? -Og almenndannande? Sjekk ut http://www.freerice.com. Det er eit spel der du skal svare på kva for eitt av tre ord som er synonym til det første du får oppgitt. For kvart rette svar gir annonsørane 10 riskorn til utviklingsprosjekt i regi av FN. Det høyrest ikkje mykje ut, men her i familien har vi donert atskillige kilo ris sidan vi byrja å spele dette spelet. Kva nivå du spelar på vert avgjort av dine tidlegare svar. Kvar person konkurrerer dermed på sitt nivå, tiåringen ligg og vakar mellom nivå 1 og 3, tolvåringen klarer å kome på nivå 14 på ein god dag, og mor ligg rundt 40, men blir av og til kasta ned under 30 når ho har svart feil for mange gongar. I femteklasse på Ila er dette eit spennande tidsfordriv når ein har gjort det ein skal i engelsk, og treng nye oppgåver under merkelappen «tilpassa opplæring». Have fun!

Orakelet talar…

Med 24 på øyrene (vi har slike trådlause øyretelefonar her i heimen, veldig fint) og to barn som eigentleg ikkje vil legge seg held på med nettopp det, prøver eg å svare på spørsmåla eg har fått. Takk til alle som spurte! RandiF: Jeg har en flaske Sauternes stående, og på lørdag skal jeg ha gjester. Hvilke desserter passer denne vinen best til? Hadde tenkt å lage Ingefærsvisker med krem/crème frâche til dessert, kan det passe sammen med vinen, tror du? Eller bør jeg satse på muggost? Alt godt: Eg har ikkje kjempegreie på vin, men eg er veldig glad i Sauternes til ein god dessert. Til muggost ville eg kanskje hatt ein vellagra portvin heller enn Sauternes. Sviskeplanen din virkar veldig bra! RandiF: Ett spørsmål til: Vi skal servere hjort ytrefilet som hovedrett, med potet/selleristappe, sopp/bacon, rødløkskompott og enten broccoli, rosenkål eller asparges til. Hva tror du blir best av de tre grønnsakene? Og har du et godt tips til forrett, gjerne noe fra havet? Ikke altfor avansert… Alt godt: Det var mange tilbehør!  Eg …