Blogging
Kommenter innlegget

Free rice


Er du klar for noko vanedannande? -Og velgjerande? -Og almenndannande? Sjekk ut www.freerice.com. Det er eit spel der du skal svare på kva for eitt av tre ord som er synonym til det første du får oppgitt. For kvart rette svar gir annonsørane 10 riskorn til utviklingsprosjekt i regi av FN. Det høyrest ikkje mykje ut, men her i familien har vi donert atskillige kilo ris sidan vi byrja å spele dette spelet.

Kva nivå du spelar på vert avgjort av dine tidlegare svar. Kvar person konkurrerer dermed på sitt nivå, tiåringen ligg og vakar mellom nivå 1 og 3, tolvåringen klarer å kome på nivå 14 på ein god dag, og mor ligg rundt 40, men blir av og til kasta ned under 30 når ho har svart feil for mange gongar. I femteklasse på Ila er dette eit spennande tidsfordriv når ein har gjort det ein skal i engelsk, og treng nye oppgåver under merkelappen “tilpassa opplæring”. Have fun!

This entry was posted in: Blogging

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s