To prisar har eg fått i det siste, både Mitt snitt og Hagen på hytta har fortalt at dei likar bloggen min. Sånt gjer meg så glad!
Med prisen følgjer det to plikter; å peike ut sju nye prismottakarar og å dele sju meir eller mindre interessante faktaopplysningar om seg sjølv. Eg har hatt oppgåva før, så det kan hende det kjem gamalt nytt her, men ha tol med meg. Her får du fakta:
1. Eg har ikkje fot for fantasy i det heile. Eg har aldri sett meir enn to minutt av Ringenes herre-filmar, Starwars eller liknande. Eg har verkeleg prøvd, sorry.
2. Eg elskar mac, skreiv på min første i 1988. Fekk pc i min første jobb i 1992 og heldt på å døy av frustrasjon.
3. Eg manglar anlegg for religiøsitet. For meg hamnar det i same kategori som fantasy, totalt uinteressant.
4. Eg kan høyre same musikk fleire gongar utan å bli lei. Dei rundt meg, derimot…
5. Gode filmar kan eg gjerne sjå omatt, men eg ser aldri omatt ein tv-serie som eg har sett før. Muligens med unntak av Monty Python og Mr. Bean.
6. Eg elskar å gå på live-konsertar, men er for treg i avtrekkaren til å få med meg så mange som eg eigentleg har lyst til.
7. Eg har veldig lyst til å bu (og gjerne jobbe) i utlandet ei periode. Ikkje så lett når ein er jurist, men det er lov å prøve.
Eg slit med å kome opp med sju som ikkje har fått prisen allereie, men alle som vil er velkomne til å nappe på dette, og kome med sine fakta!
Vel unnt, du er så flink så 🙂 jeg må bare få pønska ut hvordan jeg skal få blitt fast prøvesmaker hos deg, nå ..! Såkalt munnsjenk 🙂 Du lager nemlig såå mye godt!