Blogging
Comments 6

Tordenbloggen 2009

Tordenbloggen er i gang igjen! Opplegget i år er litt annleis enn før, dei 100 mest plukka bloggarane på Sonitus får foreslå kandidatar til Tordenbloggen. Eg er så heldig at eg er blant dei 100, og har difor fått lov til å foreslå dei som eg meiner bør vinne årets tordenblogg. Mine kandidatar er:

Flinke pike – Embla bloggar om det å gå inn i ein ettertrykkeleg depresjon, og å arbeide seg ut av den. Vi kjem nær innpå korleis det følest, utan at det opplevest som klamt eller invaderande. Eg lærer utruleg mykje av å lese det Embla skriv, og det veit eg mange andre gjer og.

Hagen på hytta – Ein av glad-bloggane mine. Britt Åse er blant desse som brukar kreftene på å framheve livets lyse sider, utan at det vert overfladisk eller jålete. Eg likar bloggen hennar fordi vi er opptekne av ein del av dei same tinga, og for at ho med sikker språkføring og lyst sinn ser på desse tinga frå ein annan vinkel enn eg gjer.

Velduftende – Bipbap er levande oppteken av dufter, og har spissa sin blogg til kun å handle om dufter og duftopplevingar. Det gjer ho på ein overbevisande måte, eg lærer alltid nye ting når eg går inn dit. Kvar post har laaange dialogar mellom Bipbap og lesarane hennar, eg veit om få som får så mange kommentarar som ho.

Jakob Arvola – Jakob burde for lenge sidan teke fått permisjon frå jobben sin, og skrive ferdig boka si. Eg trur faktisk han har fleire i magen, og dei fortener å bli strukturerte, skrive ned og bryna mot sitt publikum. Han er oppteken av vanskelege tema, som politikk, samfunnsutviklinga, krigen, Finnmark som krigsskueplass og konsekvensane det fekk for folka som budde og bur der. Han er og oppteken av kjærleiken og det sanselege, og når han les sine tekster er han så nær meg at eg føler eg kan strekke ut handa og ta på han. Vakkert.

Lekkermunn – Cecilie skriv godt om mat, tek gode bilde og har fine oppskrifter. Du vert garantert svolten og inspirert av eit besøk inn dit.

Trines mektige matblogg – Ein matblogg til. Denne er også gjennomarbeida og godt presentert. Oppskriftene er passe utfordrande men samstundes overkommelege, og Trine er flink til å følgje sesongane og presenterer variert og spennande mat.

GundaM – Gunda og eg er på ein måte søstre. Dei som kjenner oss veit kvifor. I tillegg er Gunda eit overskuddsmenneske med ein fantastisk estetisk sans, godt blikk, førsteklasses fotokunnskapar og lass på lass med humor. Ho lagar kva som helst av ingenting, og imponerer meg gong på gong. Ei strålande dame!

Pepperkverna – den siste matbloggen. Oppskriftene der er litt som her, formålet er at dei skal vere overkommelege å lage, smake godt og spreie glede i kvardagen på grunn av god smak og eit tiltalande ytre. Pepperkverna har også ei fin lenkeliste, som eg brukar flittig.

ArcticElisabeth – Nord-Norge i mitt hjarte. Elisabeth er frå litt lenger sør enn eg er (lang historie…), men likevel; ho skriv så vakkert om Nord-Norge, om veret, lyset, folka og landskapet. Ein må kanskje ha vore borte frå det ei stund for å sette pris på det slik Elisabeth gjer? Eg er iallfall takksam for at ho formidlar det i bloggen sin.

Hjartesmil – utan tvil. Mariell lyser opp dagen min, og gjev meg von. Von for livet, for kjærleiken og for at det blir gagns menneske av ungdommen no for tida og.

Kom du ikkje blant dei 100? Du kan vere med å nominere i Lynbloggen, gå inn her, og list opp dei som du syns fortener litt ekstra skryt i år.

This entry was posted in: Blogging

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Så utrolig morsomt å komme over dette på morgenkvisten – tusen hjertelig takk! Jeg ble litt satt ut her, men veldig glad innvendig 🙂

    Den historien om hvor du er fra kunne jeg forresten tenke meg å lese en gang. Jeg bor her jeg bor, men kommer fra 30 minutter lenger nordover med Widerøe. Kanskje vi nesten har vært naboer en gang? Neste gang du kommer hit, må vi definitivt møtes på Farmors Stue og finne ut av ting 🙂

  2. Neimen, så utrolig artig da!!! Tusen, tusen takk snille gode deg 😉
    Setter pris på deg og bloggen din jeg og 😉

    Ha fortsatt en fin dag!

  3. Tusen takk, ikke bare for omtale, men også for deling av mange spennende blogger!

  4. Næmmen, tusen takk 😀 Nå ble jeg glad, -og stolt over det selskapet du har puttet meg inni!

    Tvi tvi allihop :mrgreen:

  5. Tusen, tusen takk! Dette var stor stas, nesten julekveld på forskudd! Hege

Leave a Reply