Blogging, Livet
Comments 2

Ei utfordring


Slike jenter har utfordra meg! Det er eg glad for, eg diggar bloggen hennar, og har du ikkje lese den så stikk innom.

Ho vil at eg skal skrive sju ting om meg sjølv. Eg har gjort det før, men gjer det gjerne igjen når så hyggelege folk ber meg om det. Utfordringa er eigentleg å finne på sju nye ting, eg får prøve.  Her er sju fakta om Alt godt:

1. Eg lever av å kjøpe inn. I kid you not, som Slike jenter ville ha sagt. Dronningreplikken var den gongen då ein pushy egyptisk suvenirselgar ville presse meg inn i sjappa si i souken i Kairo. «Ask me what I do for a living», sa eg. «What do you do for a living?» sa han, litt perpleks. «I shop», sa eg. «When I see something I like I buy it. So get out of my way!» Han ga seg.

2. Eg elskar å «lage til», og meiner sjølv eg er ei god vertinne.

3. Eg er utruleg glad i å reise. Viss det ikkje var for økonomien og skulegangen til barna mine kunne eg reist året rundt.

4. Eg angrar som ein hund på at eg ikkje lærte meg fransk. Ja, eg veit eg kan gjere det, men eg veit ikkje om eg har drive til det no.

5. Mange vil seie at eg er veldig snill, nokre vil seie at eg kan vere litt dirigerande. Men det er jo berre fordi eg ofte veit kva som er best for alle. 😛

6. Eg har lyst på ein kjæreste.

7. Eg blir utruleg glad når mange er innom bloggen min.

Eg gjer som sist, set utfordringa open. Køyr på med sju fakta, alle dokke flinke bloggarane!

This entry was posted in: Blogging, Livet

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Tilbakeping: Alle gode ting er sju « Elisabeths Eldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s