-Og det er heilt sant, for fru Storlien har sagt det! Eg er i storfint selskap og, det forstår eg når eg ser dei andre ho har gitt prisen til.
Vilkåret for å motta denne prisen er at eg fortel sju tidlegare ukjente ting om meg sjølv. Så meddelsom som eg er så har eg ikkje så mange løyndommar, men eg prøver meg:
* Eg har ikkje bil, men av og til skulle eg ønske eg hadde. Men den må vere gratis, og det er veldig vanskeleg å finne har eg høyrt.
* Eg er veldig glad i å treffe nye menneske. Dersom ei dame pratar i veg til deg på trikken eller i butikken, kan det vere meg.
* Eg er usannsynleg gløymsk og distré. Sjølv om eg har passert førti legg eg att jakker (kvar er den kvite anorakken min?), mobiltelefonen eller handleposar på dei raraste plassar. Det verste er at eg stort sett har fått ting tilbake. Unntatt den anorakken, altså.
* Eg ser skrivefeil. Av og til skriv eg feil sjølv, men det er stort sett når eg ikkje har lese igjennom teksten etter at den er skriven.
* Eg er så barnsleg at eg syns msn er kjempegøy.
* Eg er ganske flink til å ikkje bruke pengar når eg ikkje har pengar å bruke. Når eg har pengar, derimot…
* Eg er lat. Opproten lat. Og propell. Vekselsvis.
Andre del av utfordringa er å sende prisen vidare til folk som fortener det. Då vil eg nemne HildeogHagen, Potentilla, Undreverset og Serenidipitycat. Alle fire er flotte bloggarar som gjer dagen min mindre kjedeleg. Ha ein fin dag, dokke og!
* Eg er ganske flink til å ikkje bruke pengar når eg ikkje har pengar å bruke. Når eg har pengar, derimot…
HAHA, kunne ikkje sagt det bedre 🙂
Takk! ♥
Så koselig! For en hyggelig overraskelse. 🙂
haha, den med pengene var bra! Og sannelig skal jeg begynne å ta trikk en gang i blant, i håp om at en ukjent dame skal snakke til meg – det er folk altfor lite flinke til!
Tusen takk 🙂 Oppdaget ikke denne før nå – har det altfor travelt denne uka. Men rart at ikke den pingback-greia fungerer og har varslet meg? Skal prøve å pønske ut noe.
Pingback: ~SerendipityCat~ » I’m Beautiful!