Mammamat er det mamma et når barna ikkje er der, eller barna vil ha søppelmat, og ikkje har lyst på mammamaten.
I går var mammamaten risotto med spekeskinke. Spekeskinka er ein skalk av sommarskinka, den syng på siste verset. Skinka skar eg tynt på kjøtskjeremaskinen min, ei fantastisk innretning som alle heimar burde ha. Slik lagde eg risottoen:
1 dl arborioris
3 dl kyllingbuljong
Ein skvett kvitvin
3 champinjongar eller annan sopp
Ein kvart løk
1 dl frosne, grøne erter
3 ss riven pecorino eller parmesan
Finhakk sopp og løk. Smelt smør i steikepanna, og ha i sopp og løk. La det frese til det er mjukt og blankt, men ikkje brunt. Hell vinskvetten i panns. Slå i risen, og la vinen koke inn. Slå på litt og litt kraft, og la den koke inn mellom kvar skvett.
Når risen er “al dente” (med ørlite tyggemotstand) har du i ertene, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med nyskoren spekeskinke.
Med pecorino er denne retten mjølke- og glutenfri. Mmmm…