Billig mat, Fest, Mat, Middag
Leave a Comment

Kyllingtagine med sylta sitronar

Huskar du dei saltsylta sitronane? Heiv du deg på?

Viss du gjorde det så får du ei oppskrift der du kan bruke dei på tradisjonelt marokkansk vis. Dette er ein kyllingtagine, og den skal eigentleg lagast i eit vidt keramikkfat med høgt og spisst lok med hol for dampen. Det har ikkje eg, så eg måtte ty til steikepanna. Eg brukte også kyllingfiletar i staden for ein heil kylling, som dei nok ville ha gjort i Marokko.

Men smaken trur eg at eg har klart å fange opp. Slik gjorde eg det:

Kyllingtagine med sylta sitronar

3-4 ss matolje

1 stor løk

4 fedd kvitløk

1 ts malt ingefær

1 ts malt kanel

Ei klype safrantrådar

seks kyllingbryst

1/2 l hønsebuljong

Ein neve grønbrune/svarte oliven, i mangel av tradisjonelle marokkanske brukte eg kalamata

Koriander og/eller persille viss du har

2 ts honning

Ein halv saltsylta sitron

Varm opp oljen i ei vid gryte eller steikepanne som du har lok til. Steik kyllingbrysta på begge sider, til dei får ein gylden farge.

Rens og finhakk løk og kvitløk. Ha dei i gryta, ha i meir olje viss det trengst. Støt saman det tørre krydderet, og slå det over løken. La det frese til alt har fått fin farge og duftar godt.

Legg kyllingbrysta på løkblandinga, og slå på buljong. Legg på lok. La det heile surre til brysta er gjennomsteikte, ca. 8-10 minutt. Sjekk med ein kniv på undersida om kjøtet er ferdig. Er dei rå i midten, så gje dei litt meir tid under lok.

Fjern eventuelt fruktkjøt av sitronen, og skjer sitronskalet i tynne strimlar. La dei koke med dei siste minutta. Smak til med honning, salt og peppar. Ha i oliven og dryss eventuelt på hakka urter rett før servering. Server med couscous som du kokar etter anvisninga på pakken.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply