Korleis har du det heime? Har du det “på stell”? Har du eit gjennomtenkt og oversiktleg interiør, eller er det kaos i krokane? Ja, eg veit det, det er eit veldig personleg spørsmål. Nokre eg kjenner har aldri besøk, dei skjems over rotet dei lever i. Andre, som ikkje har det noko ryddigare enn dei som skjems, tek imot framande og kjende med opne armar. Og så har du alle dei som har det “strøkent”, og som alle andre samanliknar seg med, og er ørlite misunnelege på. Det skal ikkje vere enkelt, dette livet. Du har sånn orden i tinga dine, sa han eg har blitt så glad i. Det er smigrande, men eg føler det ikkje alltid slik sjølv. Det er mykje skam og skuldkjensle knytt til det å ha det ryddig og ordentleg i heimen sin. Eg vaks opp i eit hus som bar preg av å vere bebudd av næringsdrivande med kasteangst. Alt kan kome til nytte. For ikkje å snakke om det som har nostalgisk verdi. Far min kan ikkje rydde …
Like this:
Like Loading...