Etter jula er kjøleskapet fullt av mat som vart kjøpt inn til jul, men som vi aldri klarte å få spist opp. Ein handlar inn for mykje, rett og slett. Det verste er at eg lærer ikkje heller. Neste jul er det sikkert like ille.
Men ein kan lage mykje god mat av restar. Utfordringa er å dryge maten, det er ikkje alltid ein har 200 g kjøt til kvar. Likevel er det lure triks som kan gjere at ein liten porsjon rekk til mange. Fåreribberestar i kjøtsuppe er genialt, då kan 200 g kjøt mette ein heil familie når ein tilset rikeleg med grønsaker i suppegryta.
I dag skal eg wokke, då får eg til og med brukt opp litt av det som står på eksotiske flasker og glas i kjøleskapet. Soyasaus, plommesaus, østerssaus og søt chilisaus er kjempegodt i ein wok. Har du ikkje soyasaus kan du bytte den ut med østerssaus eller fiskesaus om du har det ståande. Søt chilisaus kan byttast ut med plommesaus eller søt soyasaus, ketjap manis.
Kjøtet eg brukar er frå kotelettkammen til familieribba. Familieribbe er fint, men det er ofte for mykje kjøt til ein julemiddag. I staden for å servere oppigjenvarma greinaløyse i dagesvis kan ein skjere av kotelettkammen, og bruke den som filet.
Eg trudde eg ikkje hadde så mykje grønsaker, men eg fann eit brokkolihovud, ein skalk med raudkål, ein paprika, litt vårløk og ein raudløk. Då vart det ei spennande blanding som til og med er ganske sunn. Du kan også supplere med vannkastanjar, bambusskot eller ananasbitar, viss du har det liggande på boks.
Har du andre grønsaker kan du gjerne bruke dei. Det einaste eg ikkje har brukt i wok er kålrot, ellers går det meste i woken. Slik gjorde eg det:
400 g beinfritt svinekjøt
2 fedd kvitløk
2 cm fersk ingefær
1 brokkolihovud
Ein raud paprika
Ein stor løk
Fire-fem stilkar vårløk
Ein skalk raudkål
3 ss soyasaus
3 ss søt chilisaus
Olje til steiking
Skrell ingefæren, og riv den på eit rivjern. Bland saman ingefær og soyasaus. Skjer kjøtet i tynne skiver. Legg det i soyasausblandinga medan du rensar og kuttar dei andre grønsakene i passe store bitar.
Varm opp oljen i woken, og ha i løk og kvitløk. La det frese litt. Ha i kjøtet litt og litt, og steik det. Suppler med meir olje viss det trengst. Ha i resten av grønsakene, og la dei frese til dei er møre medan du vender dei rundt i woken med ein trespade eller ei stor skei. Ha i restane av soyasausmarinaden og den søte chilisausen, og la det koke litt.
Server med nykokt ris og eventuelt ekstra soyasaus.
Godt tips! Her skal det wokkast framover, ikkje minst fordi eg har frysaren full av wokblanding (coop kupp).